Ghabaghib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°11′2″N 36°13′35″E
Ghabaghib
غباغب
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Ghabaghib
høgd 710 moh
koordinatar 33°11′2″N 36°13′35″E
Folketal 11 802 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ghabaghib (arabisk غباغب, Ğabāğib; òg skrive Ghabagheb) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nord for Daraa. Av stader i nærleiken finn ein Muthabin i søraust, al-Sanamayn i sør, Deir al-Bukht, Deir al-Adas i aust, Khan Dannun i nord og al-Qin i nordvest.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ghabaghib eit folketal på 11 802 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Ghabaghib nahiyah som består av tretten landsbyar med eit samla folketal på 45 793.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 16. januar 1192 nådde meldingar til Jerusalem at Alam al-Din Sulayman om at ein emir i Ajjubide-dynastiet, general Saladin, hadde døydd i Ghabaghib på veg til Aleppo.[2] Seinare, tidleg på 1200-talet, vart byen vitja av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi som omtalte han som «ein landsby i området Hauran, kring 30 km frå Damaskus.»[3]

I 1596 dukka Gabagib opp i osmanske skattelister som ein del av nahiya Bani Kilab i Qadaen Hauran. Folkesetnaden var muslimsk og bestod av seks hushaldningar og fem ungkarar. Skatt vart betalt av kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikuber.[4]

Midt på 1800-talet var Ghabaghib ein liten landsby med bygg av svart basaltisk stein.[5] Byen låg langs karavaneruta Hajj mellom Damaskus og Mekka, og var ein rasteplass mellom Khan Dannun og al-Sanamayn.[6] Det vart bygt eit tårn i byen etter ordre frå den osmanske sultanen Selim I.[6] Ghabaghib vart seinare ein stasjon langs DamaskusDaraa-linja til Hejaz-banen.[7] Under Syria–Libanon-felttoget i andre verdskrigen var Ghabaghib hovudkvarteret for Dei frie franske styrkane i det sørlege Syria. Byen fekk kallenamnet «Rhubarb» (rabarbra) av britiske soldatar som ssyns namnet var for vanskeleg å uttale.[8]

I 1906 skreiv turisten William Ewing at Ved Ghabaghib ... fortel dei store cisternene og spreidde ruinane om at staden var viktig i tidlegare tider».[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Ibn al-Athir, 2007, s. 395.
  3. le Strange, 1890, s. 441.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 210.
  5. Beke, 1862, s. 87.
  6. 6,0 6,1 Newbold, 1846, s. 337.
  7. Palestine Exploration Fund, 1897, s. 200.
  8. Smith, 2009, s. 228.
  9. Ewing, 1907, s. 5.