Ghajar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den syriske landsbyen. For iranske kongefamilien, sjå Qajar-dynastiet.
Ghajar
غجر
by
Land  Syria
Stad På grensa mellom Libanon

og dei israelskokkuperte Golanhøgdene (de jure Syria).

 - koordinatar 33°16′22″N 35°37′23″E
Areal 2,39 km²
Folketal 2 100
Kart
Ghajar
33°16′22″ N 35°37′25″ E
Wikimedia Commons: Ghajar

Ghajar (arabisk غجر, hebraisk ע'ג'ר eller רג'ר) er ein arabisk landsby ved Hasbani på grensa mellom Libanon og den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene, internasjonale rekna som ein del av Syria. Innbyggjarane er alawittar.[1] Han har eit folketal på 2 000.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Mange har hatt kontroll over Ghajar gjennom tidene. For tre hundre år sidan vart landsbyen kalla Taranjeh. Han fekk namnet Ghajar av Det osmanske riket, då landområdet vart erobra frå landsbybuarane av kurdarar og seld med tvang.[2] I følgje ei lokal segn, prøvde den kurdiske guvernøren i Ghajar å ri hesten sin over grava til ein lokal, heilag mann, sjeik al-Arba'in. Hesten nekta og dagen etter braut det ut ein brann som øydela skjoldet og sverdet til guvernøren. Kurdaren flykta og selde raskt landsbyen attende.[2]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1932 fekk innbyggjarane i Ghajar, som hovudsakleg er alawitiske muslimar, høve til å velje nasjonalitet og særs mange valde å bli ein del av Syria, som har ein større alawittisk minoritet.[3] Før den arabisk-israelske krigen i 1967, vart Ghajar rekna som ein del av Syria og innbyggjarane vart talde i ei syrisk folketeljing i 1960.[2]Israel erobra Golanhøgdene frå Syria i 1967, hamna Ghajar i eit ingenmannsland i to og ein halv månad. Alawittane søkte til den israelske leiaren for GOlan om å bli ein del av Israel, som ein del av det israelskokkuperte Golanhøgdene, i staden for Libanon, fordi dei rekna seg sjølv som syrarar, slik mesteparten av innbyggjarane i Golan gjorde på den tida.[2] Israel gjekk med på å la Ghajar bli ein del av det okkuperte området og innbyggjarane aksepterte å leve under israelsk styre.[4] I 1981 aksepterte dei fleste alawittane her israelsk borgarskap då Golanhøgdene formelt vart annektert av Israel. Annekteringa vart derimot ikkje anerkjend av internasjonal rett.

Etter Operasjon Litani i 1978, gav Israel frå seg stillingane sine i Libanon til den sørlibanesiske hæren og innvigde Good Fence-politikken sin. Dei sameinte nasjonane midlertidige styrke i Libanon (UNIFIL) vart oppretta etter streiftoget, etter Tryggingsrådet sin Resolusjon 425 i mars 1978, som stadfesta at Israel trekte seg ut av Sør-Libanon, og gjenopprette internasjonal fred og tryggleik, og støtte regjeringa i Libanon med å gjenninnføre effektiv kontroll over området.[5] Ghajar vart utvida nordover og inn i libanesisk område, og underordna busetnaden Wazzani nord for grensa.[3]

I 1982 invaderte Israel Libanon.[6] I 2000, etter valkampslovnader og valet av Ehud Barak som statsminister, trekte Israel ut soldatane sine frå Libanon. I eit forsøk på å stake ut dei permanente grensene mellom Israel og Libanon, trekte Dei sameinte nasjonane opp det som art kjend som Den blå linja. På grunn av plasseringa til Ghajar, innimellom Libanon og dei israelskkontrollerte Golanhøgdene, hamna den nordlege halvdelen av landsbyen under libanesisk kontroll og den sørlege delen under israelsk kontroll.[2] Innbyggjarane tok dette ille opp, sidan dei såg på seg sjølv som syrarar.[2]

Trass i at israelarane trekte seg ut av Libanon, auka spaninga då Hizbollah fleire gonger prøvde å kidnappe israelske soldatar i Ghajar-området.[7] I 2005 sende Hizbollah rakettar mot Ghajar og infiltrerte landsbyen, men vart driven attende av israelarar.[3] Etter eit nytt åtak i juli 2006, invaderte Israel det sørlege Libanon og okkuperte på ny den nordlege halvdelen av Ghajar under Libanonkrigen i 2006. Etter ein månad med intense kampar, førte SN-resolusjonen 1701 til at kampane vart stoppa. Mellom anna førte resolusjonen til full våpenkvile, tilbaketrekking av dei israelske soldatane, at Hizbollah la ned våpna sine og ei utsending av libanesiske og UNIFIL-soldatar, og at libanesiske styresmakter fekk full kontroll over områda sine.

Fastsetjinga av Den blå linja[endre | endre wikiteksten]

I april 2009 rapporterte den libanesiske avisa Daily Star at IDF hadde gått med på å trekke seg ut av det nordlege Ghajar i eit møte ved Rosh HaNikra.[8] On May 13, the israelske Governement suspended talks to await the outcome of the Libanese Parliamentary elections, fearing a Hezbollah victory.[9] Etter rapportane i desember 2009 om ei mogeleg tilbaketrekking av israelske soldatar, gjekk 2 200 innbggjarar i Ghajar ut i gatene for å protestere.[10]

I november 2010 informerte den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu Departementsrådet i SN om at israelarane hadde intensjonar om å trekkje seg heilt ut frå Ghajar, etter å ha kome til ei semje med Libanon [11][12] og gje tryggleikssakene over til UNIFIL.[13] Den 17. november 2010, stemde det israelske tryggleikskabinettet for tilbaketrekking frå den nordlege halvdelen av Ghajar.[14]

Borgarskap[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarar på begge sider av landsbyen har israelsk borgarskap. Dei i nord har ofte pass frå både Libanon og Israel.[15] Dei arbeider og reiser fritt i Israel, men dei som bur på den libanesiske sida har vanskar med å få dei same tenestene i Israel. Det israelske forsvaret har eit kontrollpunkt ved inngangen til landsbyen, og eit gjerde kring heile landsbyen, men det er ingen gjerde som deler den israelske og libanesiske sida av landsbyen.

UNIFIL-observatørar[endre | endre wikiteksten]

SN har fysisk markert den anerkjende grensa og israelske soldatar er framleis på den libanesiske sida av Ghajar trass i avgjersla til det israelske kabinettet om å gje området over til UNIFIL. Israel seier at den libanesisk hæren avslo eit SN-mekla forslag om at den libanesiske hæren skulle verne området nord for landsbyen, medan UNIFIL skulle vere i sjølve landsbyen. Eit slikt arrangement ville vore unikt for UNIFIL i folkesette område. Eit gjerde er sett opp langs nordkanten av landsbyen i libanesisk område, opp til 800 meter nord for Den blå linja. UNIFIL-observatørar patruljerer kontinuerleg området.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ghajar» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
  • Hof, Frederic C. (2001). «A Practical Line: The Line of Withdrawal from Lebanon and Its Potential Applicability to the Golan Heights». Middle East Journal (Middle East Institute) 55 (1): 25–42. 
  • Kaufman, Asher (2002). «Who Owns the Shebaa Farms? Chronicle of a Territorial Dispute». Middle East Journal (Middle East Institute) 56 (4): 576–595. 
  • Kaufman, Asher (2009). «"Let Sleeping Dogs Lie": On Ghajar and Other Anomalies in the Syria-Lebanon-Israel Tri-Border Region». Middle East Journal (Middle East Institute) 63 (4): 539–560. 
  1. 1,0 1,1 «Israel approves pullout from Lebanon border village». BBC. 17. november 2010. Henta 3. juli 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Getting rid of Ghajar, Zvi Bar'el, Haaretz
  3. 3,0 3,1 3,2 A New Fence Is Added to a Border Town Already Split
  4. Dudu Ben-Tzur's intervju med Khatib Jamal, ein innbyggjar i Ghajar, desember 1993. Publisert på hebraisk i Teva Ha-Dvarim, 2. utgåve, februar–mars 1994 [1].
  5. «Extracts relating to Article 98 of the Charter of Dei sameinte nasjonane: Supplement No 5 (1970 - 1978)» (PDF). Repertory of Practice of Dei sameinte nasjonane Organs. Dei sameinte nasjonane. s. §275–279. Henta 3. juli 2014. 
  6. «1982 Libanon invasion». BBC. 6. mai 2008. Henta 3. juli 2014. 
  7. Kidnap of soldiers in July was Hizbollah's fifth attempt
  8. http://www.dailystar.com.lb/article.asp?edition_id=1&categ_id=2&article_id=101089
  9. http://www.haaretz.com/hasen/spages/1085251.html
  10. Residents of Ghajar protest rumored israelske withdrawal: More than 2 000 took to streets to reject division of village[daud lenkje]
  11. http://www.jpost.com/Israel/Article.aspx?id=194301
  12. Ravid, Barak «Lieberman: Israel will quit Lebanon town unilaterally due to Hizbollah refusal to cooperate." Haaretz, 7. november 2010
  13. http://www.jpost.com/Israel/Article.aspx?id=195643
  14. http://www.haaretz.com/news/diplomacy-defense/israel-approves-unilateral-pullout-from-lebanon-border-town-1.325185
  15. Ash, Uri (4 June 2002). «Ghajar says 'don't fence me in'». Haaretz. Henta 21. desember 2011. 
  16. Libanon holding up IDF Ghajar pullout