Gharrafkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°25′30″N 45°51′0″E
Gharrafkanalen
kanal
Qalat Sukkar Iraq 1.PICT0228.jpg
Bru over Gharraf-kanalen i Qalat Sukkar
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 32°25′30″N 45°51′0″E

Gharrafkanalen
32°25′30″ N 45°51′0″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg

Gharrafkanalen, Shaṭṭ al-Ḥayy (arabisk شط الحي), òg kalla Shaṭṭ al-Gharrāf (arabisk شط الغرّاف) eller Haielva, er ein gammal kanal i Irak mellom Tigris ved Kut al Amara og Eufrat aust for Nasiryah.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sidan ei osmansk stilling låg langs kanalen, var staden åstad for harde kampar under fyrste verdskrigen under kringsetjinga av Kut (desember 1915 til april 1916). Tyrkarane kringsette general Townsend sine britiske styrkar som okkuperte Kut. Shatt al-Hayy vart utpeikt av den osmanske hæren som utgangspunkt for kringsetjinga. Tyrkarane gjekk til åtak mot ein britisk styrke general Booking ved Al-Gharrafkanalen den 7. februar 1916[1] Slaget ved Hanna fann stad i nærleiken i januar 1916 då tyrkarane slo attende eit britisk åtak. Slaget ved Dujaila fann òg stad like nær aust for Al-Gharraf i mars 1916 med liknande resultat. Desse slaga mellom styrkane til Det osmanske riket (Tyrkia) og ei i Det britiske imperiet (mellom andre mange indiske soldatar). I begge desse slaga prøvde engelsk-indiske styrkar å kome dei britiske styrkane i byen Kut til hjelp. Ei av årsakene til at britane valde å forsvare Kut var at kanalen var ei mogeleg rute til å transportere troppar mellom Tigris og Eufrat.[2] Innan 20. mai 1916 hadde britane okkupert høgrebreidda (den sørlege breidda) av Tigris, så langt vest som til Al-Gharraf, og drive bort alle tyrkiske styrkar, men hadde enno ikkje erobra .[3] Dei klarte å krysse over til andre sida den 13. desember 1916.[4] Tyrkarane vart evakuerte frå Kut 24. februar 1917.[5]

Mellom 1934 og 1939 vart Kutdammen bygd i Tigris for å kontrollere vassnivået i elva og gje ei konstant vassføring til Shatt al-Hayy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Editor, Digital. «7 February 1916 Arab forces on Shatt-el-Hai attacked General Booking». www.westernfrontassociation.com. Henta 13. november 2017. 
  2. Hart, Liddell (1934). History of the World War 1914-1918. London: faber and faber. s. 208. 
  3. «On this day: 20 May 1916». firstworldwar.com. Henta 13. november 2017. 
  4. «firstworldwar.com On this day 13 December 1916». Henta 13. november 2017. 
  5. «On This Day - 24 February 1917». firstworldwar.com. Henta 13. november 2017.