Gheorghe Hagi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gheorghe Hagi
Personleg informasjon
Kallenamn Karpatanes Maradona
Fødd 5. februar 1965 (59 år)
Fødestad Săcele i Romania
Høgd 174 cm
Posisjon Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982–1983
1983–1987
1987–1990
1990–1992
1992–1994
1994–1996
1996–2001
Farul Constanța
Sportul Studentȩsc
Steaua
Real Madrid
Brescia
Barcelona
Galatasaray
18 (7)
107 (58)
97 (76)
63 (15)
61 (15)
35 (7)
132 (59)
Totalt 516 (237)
Landslag
1983–2000 Romania 125 (35)
Trenar for
2003
2004–2005
2006
2007
2010–2011
Bursaspor
Galatasaray
FC Politechnica Timișoara
Steaua
Galatasaray
Landslagstrenar for
2003 Romania
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Gheorghe Hagi (fødd 5. februar 1965 i Săcele) er ein rumensk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen.

Gheorghe Hagi debuterte i 1983 for Farul Constanța. Eit år seinare flytta han til Sportul Studențesc, der han etter tre år skifta til Steaua. Han skåra 85 gonger på 97 kampar. I București vann han serien fire år i rad og nådde i tillegg ein europacupfinale i 1989. Seinare skulle han spele i Real Madrid. Etter 2 skuffande sesongar hjå klubben skåra han 15 mål på 64 kampar. Seinare selde Real Madrid han til Brescia, der han i fyrste sesongen sin skåra 5 mål på 31 kampar. Det andre året han spelte der var han på b-laget, han vart etterpå seld til Barcelona der han skåra 9 mål på 25 kampar i løpet av dei to sesongane han spelte der. Hagi vart seld til den tyrkiske klubben Galatasaray, der han spelte i 5 sesongar. Han førte klubben til 4 seriemeisterskap og han vann òg UEFA-cupen i 2000 på straffesparktevling over Arsenal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I åra mellom 1983 og 2000 spelte han heile 125 landskampar for det rumenske landslaget og skåra 25 gonger. Han representerte òg landet sitt i EM i 1984, VM 1990, 1994, EM i 1996, VM i 1998 og EM i 2000. I VM i 1990 vart laget slått ut i åttedelsfinalen av Irland i 1994 nådde dei kvartfinalen der det vart slått av Sverige på straffesparktevling. I VM i Frankrike kom det atter ein gong til åttedelsfinalen der det vart slått ut av Kroatia. Hagi vart ein viktig del av det rumenske laget i 1994 saman med Florin Răducioiu og Ilie Dumitrescu. Han skåra sjølv tre mål i turneringa. Hagi spelte sin siste landskamp mot Tyrkia i kvartfinalen i EM i 2000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]