Ghoul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ghoul er eit vesen i arabisk folketru. Dei held til på gravplassar der dei plyndrar graver og et lik. Ordet ghoul er ei engelsk omskriving av det arabiske ordet الغول (ghūl), som tyder «demon».

Ghul er òg namnet på ein demon som lever i ørkenen og kan ta form av eit dyr, vanlegvis ei hyena. Dette vesenet tek uforsiktige ørkenvandrarar i bakhald, drep dei og et dei.

Ghoul i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Ghoular og ghoul-liknande skapningar har ofte vorte brukt i litteratur, film, spel og musikk. Ein kan finna ghoular mellom anna i bøkene om Harry Potter, i C.S. Lewis sine bøker om Narnia, filmen The Ghoul frå 1933 og i rollespelet Dungeons and Dragons.