Giacinto Facchetti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giacinto Facchetti
1966–67 Inter Milan - Giacinto Facchetti.jpg
Fødd 18. juli 1942
Treviglio
Død

4. september 2006
Milano

Giacinto Facchetti (18. juli 19424. september 2006) var ein fotballspelar frå Treviglio i Italia. I alle år som profesjonell var han aktiv for Inter, ein klubb han mellom anna vann Europacupen to gongar med og fem italienske meistertitlar. Over ein periode på 17 år spela han 634 kampar og skåra 75 mål for Inter. Mellom 1963 og 1977 spela Facchetti 94 landskampar for Italia. Han leia landslaget til EM-triumf i 1968 og VM-sølv i 1970. Facchetti vert hugsa for å ha vore ein av dei aller fyrste offensive sidebackane, og ein av dei beste.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Facchetti debuterte for den lokale fotballklubben Trevigliese, der han spela spiss. Trenaren i Inter, Helenio Herrera, oppdaga Facchetti og fekk han til Serie A-klubben våren 1961. Der vart han sett opp på backplass, sidan spela han oftast venstreback. Frå 1963 til 1966 hova klubben i land store meisterskapstriumfar, med Facchetti i ei sentral rolle saman med Sandro Mazzola. Etter å vunne Serie A i 1963 sikra Inter seg sigeren i Europacupen i 1964. Sesongen 1964/65 vart den aller største for Facchetti og Inter; fyrst siger i heimleg serie, før Grande Inter forsvara Europacup-sigeren. Også i 1966 vart Inter-kapteinen seriemeister, før han i 1971 fekk sitt fjerde og siste liga-gull. Heilt på tampen av si tid som aktiv vart Facchetti i 1978 også italiensk cupmeister.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frimerke frå Ajman i 1968

Facchetti debuterte på det italienske landslaget den 23. mars 1963. Dei neste 14 sesongane spela han 94 landskampar og skåra tre landslagsmål. I 70 av landskampane var han lagkaptein. Mellom anna var han kaptein då Italia vann EM i fotball 1968 på heimebane. Han deltok for Italia i tre verdsmeisterskap i fotball, 1966, 1970 og 1974, i 1970 fekk han ein sølvmedalje då Italia tapte finalen 1-4 mot Brasil.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1964 og 1965 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1963, 1965, 1966 og 1971 med Inter
  • Italiensk cupmeister 1978 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]