Hopp til innhald

Giacomo Meyerbeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giacomo Meyerbeer

Fødd5. september 1791
FødestadTasdorf, Berlin, Tasdorf
Død2. mai 1864 (72 år)
DødsstadParis
FødenamnJakob Liebmann Meyer Beer
OpphavKongedømet Preussen
Sjangeropera
Verka somkomponist, dirigent, sjølvbiograf, sjefsdirigent
MorAmalie Beer
FarJacob Herz Beer
Gift medMinna Meyerbeer
BornCornelie Richter, Blanca von Korff, Cäcilie von Andrian-Werburg
Prisarkommandør av Æreslegionen, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Pour le Mérite

Giacomo Meyerbeer (5. september 17912. mai 1864) var ein tysk komponist av jødisk opphav.[1][2] Han heitte opphavleg Jacob Liebmann Beer, namnet Meyer tok han etter arveonkelen sin, og Giacomo (den italienske forma for Jacob) etter studium i Italia. Han verka i Italia på oppmoding frå Salieri, og var frå 1826 særleg verksam i Paris. Han var ein av dei største operakomponistane i si ti; ein av dei best kjende operaene hans er Afrikanerinnen.

Den unge Jacob Beer, portrett av Friedrich Georg Weitsch (1803)

Meyerbeer blei fødd som Jacob Liebmann Beer i Tasdorf (no ein del av Rüdersdorf), nær Berlin, som då var hovudstad i Kongeriket Preussen. Familien var jødiske- Faren Judah Herz Beer arbeidde i finans, medan mora, Amalia (Malka) Wulff, som Meyerbeer stod svært nær, også kom frå ein velståande bakgrunn. Nokre av syskena hans var astronomen Wilhelm Beer og diktaren Michael Beer.[3] Han tok etternamnet Meyerbeer etter at bestefaren, Liepmann Meyer Wulff, døydde i 1812, og nytta den italienske forma av fornamnet Jacob, Giacomo, frå den fyrste gongen han var i Italia og studerte, kring 1817.[4]

Ein nyskapar

[endre | endre wikiteksten]

Meyerbeer blir fyrst og fremst hugsa som ein av skaparane av Grand Opéra i Frankrike på 1800-talet. Desse breitt oppbygde verka var kjenneteikna ved overdådige massescenar, ballettinnslag og ei dristig iscenesetjing, og temaa var henta frå meir eller mindre «obskure» historiske hendingar.

Den fyrste operaen i denne nye stilen var Robert le Diable frå 1831. Sjølv om han ikkje har dei same dimensjonane som seinare verk i sjangeren, er verket banebrytande både med omsyn til musikk og innhald. Kontrasten til dei operaene Meyerbeer skreiv i italiensk stil i tidsrommet 1817-1824 er likevel slåande: Desse var sterkt inspirert av Rossini, og hadde også resitativ med akkompagnement av cembalo eller hammarklaver. Allereie rundt 1815 var dette rekna som utdatert når det gjaldt seriøse operaer.

Med Les Huguenots frå 1836 og Le Prophéte frå 1849 styrkte Meyerbeer stillinga si som ein av dei fremste operakomponistane i Frankrike i fyrste halvdel av 1800-talet. I desse spektakulære verka med handling henta frå to dramatiske hendingar på 1500-talet var det ikkje spart på noko som helst, og operaene trekte eit formidabelt publikum.

Ved inngangen til 1850-åra hadde likevel Giuseppe Verdi og Richard Wagner skapt seg solide namn som operakomponistar, og verka deira var nok ei viktig årsak til at Meyerbeer sine operaer gradvis tapte seg i popularitet.

  • Jephtas Gelübde (1812)
  • Wirth und Gast, oder Aus Scherz Ernst (1813)
  • Romilda e Costanza (1817)
  • Semiramide riconosciuta (1819)
  • Emma de Resburgo (1819)
  • Margherita d'Anjou (1820)
  • L'Esule di Granata (1822)
  • Il Crociato in Egitto (1824)
  • Robert av Normandie (Robert le Diable) (1831)
  • Hugenottene (Les Huguenots) (1836)
  • Ein Feldlager in Schlesien (1844)
  • Le Prophète (Der Prophet) (1849)
  • L'Étoile du Nord (revisjon av Ein Feldlager in Schlesien) (1854)
  • Dinorah ou Le Pardon de Ploërmel (1859)
  • Afrikanerinnen (L'Africaine) (1865, posthumt)

 

  1. Thomson, J. L. (1975). Giacomo Meyerbeer: The Jew and His Relationship with Richard Wagner. Musica Judaica, 1(1), 54-86.
  2. Conway, David (oktober 2012). «Meyerbeer Re-evaluated». Jewish Renaissance 12 (1): 40–41. 
  3. Conway (2012), 152–3
  4. Conway (2012), 165–6, 247
  • Conway, David (2012). Jewry in Music – Entry to the Profession from the Enlightenment to Richard Wagner. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-1-107-01538-8. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Giacomo Meyerbeer
Litteratur
  • Arnold Niggli: «Meyerbeer, Giacomo». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 21, Duncker & Humblot, Leipzig 1885, s. 631–640.
  • Adolph Kohut: Meyerbeer. Philipp Reclam jun., Leipzig 1890. (=Musiker-Biographien 12) (=Reclams Universal-Bibliothek 2734) Biblioteca Digital Hispánica Digitalisat
  • Reiner Zimmermann: Giacomo Meyerbeer. Eine Biografie nach Dokumenten. Edition Parthas, Berlin 1991, ISBN 3-932529-23-5.
  • Sieghart Döhring: «Meyerbeer, Giacomo.» I Neue Deutsche Biographie (NDB). Bind 17, Duncker & Humblot, Berlin 1994, ISBN 3-428-00198-2, s. 386–389 (digitalisering).