Giampaolo Caruso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giampaolo Caruso
Syklist
Namn Giampaolo Caruso
Fødd 15. august 1980 (43 år)
Fødestad Avola, Italia Italia
Høgd 1,73 m
Vekt 60 kg
Laginformasjon
Lag Katjusja
Disiplin Landevegssykling

Giampaolo Caruso (fødd 15. august 1980 i Avola) er ein italiensk profesjonell landevegssyklist som syklar for UCI ProTour-laget Katjusja.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Caruso vart europameister i landevegssykling i U23-klassen i 2001, og i oktober same året kom han på andreplass bak Jaroslav Popovytsj i same klassen i VM i Lisboa. Etter dette fekk han proff-kontrakt med det spanske sykkellaget ONCE-Eroski. Han feira fyrste proffsigeren sin på femte etappen i Tour Down Under i 2003, men vart teken for doping, og frådømd sigeren.[1] Etter å ha vore utestengd i seks månadar fortsette han kontrakten med det spanske laget i 2004. Det hadde i mellomtida skift namn til Liberty Seguros og vorte UCI WorldTour-lag. I eindagsrittet Giro di Lombardia i 2005 kom han inn til mål saman med ei lita tetgruppe og vart fjerdemann. Året etter kom han på fjerdeplass på fyrste fjelletappen i Giro d'Italia og på tolvteplass i samandraget. Seinare i 2006 vart han og heile laget dregne inn i Operación Puerto-saka, og sjølv om han til sist vart frikjend følgde saka han heilt til byrjinga av 2009.[2]

I 2009 skreiv han under for det italienske laget LPR Brakes-Farnese Vini. Kontrakten gjekk ut 2011,[3] men han skifta lag til Ceramica Flaminia-Bossini Docce alt midt i 2009-sesongen. Han hadde kontrakt med dei ut 2011,[4] men 6. april 2010, etter at arrangøren av Giro d'Italia hadde kunngjord at Ceramica Flaminia ikkje fekk plass i rittet, fekk han lov til å bryte kontrakten før tida og signerte med det russiske laget Katjusja.[5] Seint i 2011 fekk han kontrakten sin forlengd for 2012.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Grand Tours samanlagt[endre | endre wikiteksten]

Ritt 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Giro d'Italia - 19[6] 12[7] - - - 46[8] 41[9] -
Tour de France - - - - - - - - 37[10]
Vuelta a España 72[11] 59[12] - - - - 35[13] - -

Dopingsaker[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sykla først over mål på den femte etappen i det australske etapperittet Tour Down Under i 2003 testa Caruso positivt for det anabole steoridet nandrolon, og vart av det italienske sykkelforbundet frådømd sigeren og utestengd frå idretten i seks månader. Han mista også fjerdeplassen samanlagt i rittet, fjerdeplassen i poengtevlinga og åttandeplassen i klatretevlinga, og fekk ei bot på 2000 dollar.[1]

I 2006 vart han namngjeven i samband med den store dopingsaka kalla Operación Puerto, men saka hans vart snøgt lagd vekk av det spanske sykkelforbundet.[14] Den italienske olympiske komiteen var ikkje samd og tok sjølv opp saka og gav han to års utestenging frå idretten i 2007, og han var suspendert nokre månader, men han anka og vart frikjend i Den internasjonale skilsdomstolen for idretten i januar 2009.[2] Caruso har heile tida sagt seg uskuldig.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Val Migliaccio (13. oktober 2012). ««Cycling body in disgrace after Tour Down Under stage winner exposed as drug cheat»». heraldsun.com.au. Henta 20. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 Mark Zalewski (23. januar 2009). ««Caruso acquitted of Puerto involvement»». Cycling news. Henta 20. oktober 2012. 
  3. Gregor Brown (1. juli 2009). ««LPR Brakes welcomes Caruso»». Cycling news. Henta 20. oktober 2010. 
  4. Gregor Brown (10. november 2009). ««Giampaolo Caruso renews with Ceramica Flaminia for two years»». Cycling news. Henta 20. oktober 2010. 
  5. Stephen Farrand (6. april 2010). ««Katusha signs Giampaolo Caruso»». Cycling news. Henta 20. oktober 2010. 
  6. «Giro d'Italia 2005 - May 29, Stage 20: Albese con Cassano - Milano 119km». Cycling news. 
  7. «Classifica generale». Gazzetta dello Sport. 
  8. «Giro d'Italia 2010 - May 30, Stage 21: Verona - Verona (ITT) 15km - Basso wins Giro d'Italia». Cycling news. 
  9. «Giro d'Italia 2011 May 29, Stage 21: Milan 26km Contador claims second Giro d'Italia victory». Cycling news.  Alberto Contador vart i ettertid frådømd sigeren, og alle andre på resultatlista vart flytt ein plass opp.
  10. «Rambouillet / Paris Champs-Élysées». Nettstaden til Tour de France. 
  11. «CLASIFICACIÓN GENERAL INDIVIDUAL FINAL Año 2004». Nettstaden til Vuelta a España. 
  12. «CLASIFICACIÓN GENERAL INDIVIDUAL FINAL Año 2005». Nettstaden til Vuelta a España. 
  13. «CLASIFICACIÓN GENERAL INDIVIDUAL FINAL Año 2010». Nettstaden til Vuelta a España. 
  14. John Kenny (26. januar 2010). ««Caruso case dropped by Spanish federation»». Cycling news. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]