Giancarlo De Sisti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giancarlo De Sisti


Statsborgarskap Italia
Fødd 13. mars 1943 (80 år)
Roma
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, EM i fotball 1968

Utmerkingar

Republikken Italias fortjenstorden

Giancarlo De Sisti (fødd 13. mars 1943) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Roma. Han spela på midtbanen for AS Roma frå 1960 til -65, og på ny åra 1974-79. I den mellomliggjande perioden spela han for ACF Fiorentina (1965–74). Mellom 1967 og -72 spela han 29 landskampar for Italia og skåra fire mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

De Sisti fekk sin debut for Roma i Serie A i februar 1961. Det tok han to år å spele seg inn i fyrsteeellevaren. I 1964 var han med på Romas triumf i den italienske cupen. Sommaren 1965 vart han overført til Fiorentina, der han allereie i sin fyrste sesong for klubben vann sin andre italienske cup-tittel. Høgdepunktet som klubbspelar opplevde han i 1969, då han som kaptein for klubben frå Firenze leia laget fram til meistertittel i Serie A. Før sesongstart i 1974 gjekk De Sisti tilbake til Roma. Han spela fast for klubben til han la opp i 1979. Gjennom 18 år spela han 478 seriekampar, alle i toppdivisjonen, og skåra 50 seriemål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

De Sisti debuterte for Italia hausten 1967, i ein kvalifiseringskamp til EM 1968 der heimelaget i Cosenza vann 5-0 over Kypros. Året etter var han ein av dei spelarane som fekk plass på laget til finale-omkampen i nettopp i EM. Den 10. juni 1968 vart han europameister, etter 2-0 over Jugoslavia på Stadio Olimpico i Roma. To år seinare spela han alle kampane i VM 1970, ein meisterskap som enda med 1-4 tap for Italia mot Brasil i finalen. Etter at Italia tapte kvartfinalane mot Belgia våren 1972 var det slutt med landslagspel for De Sisti.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1969 med Fiorentina
  • Italiensk cupmeister 1964 med AS Roma
  • Italiensk cupmeister 1966 med Fiorentina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]