Gianluca Pagliuca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gianluca Pagliuca
Gianluca Pagliuca.jpg
Statsborgarskap Italia
Fødd 18. desember 1966
Bologna
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Gianluca Pagliuca (fødd 18. desember 1966) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Bologna. Fotballmålvakta deltok i 592 kampar i Serie A, den italienske toppserien. Han vakta målet til Italia under VM-finalen 1994 mot Brasil.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pagliuca var målvakt 1987-94 på Sampdoria, 1994-99 på FC Inter, deretter for Bologna FC til 2006 og til sist ein sesong for Ascoli. Pagliuca var sisteskanse i Sampdoria sin gullalder. Han var såleis med om å vinne vinne den nasjonale cupen og serien, samt den europeiske cupvinnarcupen. Derimot måtte han og lagkameratar som Gianluca Vialli og Toninho Cerezo tole tap i Europacupfinalen 1992 mot FC Barcelona. Pagliuca var kaptein då FC Inter vann UEFA-cupfinalen 1998 med 3-0 over SS Lazio, hans einaste triumf med storlaget frå Milano. Etter overgangen til Bologna kom ikkje Pagliuca i nærleiken av dei store pokaloppgjera.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pagliuca vakta Italia sitt mål i 39 kampar i tida 1991-95 og 1997-98. Før han debuterte, var Pagliuca i 1990 med i VM-troppa på heimebane. I tre av dei 39 kampane møtte han og Italia det norske landslaget til dyst. Den 13. november 1991 enda EM-kvalifiseringskampen i Genova 1-1, etter Jahn Ivar Jakobsen gav Noreg leiinga. Men ingen av laga kom til Fotball-EM 1992. I det andre møtet med Noreg vart Pagliuca den fyrste målvakta utvist i ein VM-kamp. Den 23. juni 1994 i East Rutherford, midtvegs i 1. omgang storma den norsk midtbanespelaren Øyvind Leonhardsen forbi det italienske midtforsvaret på eit gjennomspel. Pagliuca ruste ut forbi 16-meteren og stoppa ballen med ein viljehands. Italia vann likevel kampen med sine 10 mann, gjennom ei heading av Dino Baggio etter hjørnespark. Under VM i fotball 1998 var Pagliuca målvakt då Italia i åttedelsfinalane slo ut Noreg med 1-0 på stadion i Marseille. Seks dagar seinare klarte ikkje Pagliuca å hindre at arrangørlandet Frankrike tok seg vidare frå kvartfinalane ved straffesparktevling, hans siste kamp i landslagsdrakt.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv: 1994 med Italia
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1990 med Sampdoria
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med FC Inter
  • Italiensk seriemeister: 1991 med Sampdoria
  • Italiensk cupmeister: 1988, 1989, 1994 med Sampdoria
  • Finaletap i Europacupen: 1992 med Sampdoria
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1989 med Sampdoria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

eu-football