Gianni Rivera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gianni Rivera

Gianni Rivera - AC Milan (San Siro, January 1971).jpg

Statsborgarskap Italia
Fødd 18. august 1943 (78 år)
Alessandria
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1974, VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, VM i fotball 1962, Sommar-OL 1960, EM i fotball 1968

Utmerkingar

Gullballen, Hall of Fame del calcio italiano – italiensk veteran

Giovanni Rivera, kjend som Gianni Rivera, (fødd 18. august 1943) er ein italiensk tidlegare politikar og fotballspelar frå Alessandria. Han vann ei rekke pokalar med AC Milan og vart i 1969 kåra til årets fotballspelar i Europa. Rivera var ein framifrå playmaker, av fleire rekna som Italias beste fotballspelar i det 20. hundreåret.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rivera var Milan-spelar frå 1959 til han la opp i 1979. Frå 1962 til 1979 var han med å vinne den italienske serien tre gongar og den nasjonale cupen fire gongar. Han bidrog mykje til at Milan vann europacupen både i 1963 og 1969, og cupvinnarcupen i 1968 og 1973. Etter han i 1969 som kaptein leia laget til klubbens andre triumf i europacupen, vart han tildelt Ballon d'Or som Europas beste fotballspelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rivera fekk sin landslagsdebut i mai 1962 og deltok i alle fire verdsmeisterskapane i tida 1962 til 1974. Under Fotball-VM 1970 vart han matchvinnar i den legendariske semifinalen mot Vest-Tyskland, ein kamp som enda med 4 – 3 til Italia. I sjølve VM-finalen vart Rivera og Italia eit nummer for små mot Brasil. Rivera spelte ikkje meir enn 60 landskampar, noko som kom av at landslagssjefane anten valde honom eller Sandro Mazzola som spelstyrar i laget. Han skåra i alt 14 landslagsmål.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Rivera var medlem av EU-parlamentet valperioden 2005-09. Han representerte Fridomsdemokratane, eit sentrum-høgre parti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]