Gideon Ståhlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gideon Ståhlberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. januar 1908
Surte
Død

26. mai 1967 (59 år)
St. Petersburg

Yrke sjakkspelar
Gideon Ståhlberg på Commons

Gideon Ståhlberg (26. januar 190826. mai 1967) var ein svensk internasjonal Stormeister i sjakk og sjakkdommar i Verdsmeisterskapen i sjakk.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Ståhlberg vann landslagsklassa i den svenske meisterskapen i sjakk i 1927, 1929 og 1936, og vart også nordisk meister i 1929. På den tida vart den svenske meisterskapen avgjort i tvekampar i staden for det som har blitt vanleg seinare, i ei sjakkturnering, og Ståhlberg vann tittelen som svensk meister i 1929 ved å vinne mot Allan Nilsson med 3–0.

Det internasjonale gjennombrotet kom i 1933 og 1934, då han vann tvekampar mot dei sterke sjakkmeisterane Rudolf Spielmann og Aaron Nimzowitsch, begge med 5-3. Han fekk deretter invitasjonar til fleire sterke internasjonale turneringa på 1930-talet, og deltok i desse med gode resultat. Under sjakk-olympiadeen (lag-VM i sjakk) i Buenos Aires i 1939 braut den andre verdskrigen ut, og Ståhlberg valde å bli verande i Argentina til 1948. Han livnærde seg som profesjonell sjakkspelar, instruktør og forfattar. Han vann fleire turneringar i denne perioden.

For mars 1948 har Jeff Sonas Chessmetrics rekna ut Ståhlberg sitt uoffiselle ratingtal til 2762. Dette var det tredje høgaste talet då, etter Mikhail Botvinnik og Miguel Najdorf. Etter at han kom tilbake til Sverige i 1948 presterte han dei første åra svært gode resultat, og kvalifiserte seg blant anna til kandidatturneringa i Budapest 1950 og Zürich 1953 – ingen annan svenske har nokon gong nådd så langt i VM-kvalifiseringa i sjakk. Ståhlberg blir, saman med Ulf Andersson, rekna som Sverige sin sterkaste sjakkspelar gjennom tidene. I 1950 var Gideon Ståhlberg ein av dei første 27 som vart utnemnd til Stormeister i sjakk av verdssjakkforbundet FIDE.

Frå 1951 var Ståhlberg også sjakkdommar i Verdssjakkforbundet FIDE, og var hovuddommar for alle tvekampane om Verdsmeisterskapen i sjakk frå 1951 til 1963, med unntak for 1954: 1951, 1957, 1958, 1960, 1961 og 1963, 6 gongar.

Ståhlberg deltok 13 gongar for Sverige i sjakk-OL, frå 1928 til 1964.

Ståhlberg skreiv fleire sjakkbøker. Den mest kjende er kanskje I kamp med världseliten som kom ut 1958. Eit par bøker kom også direkte ut på spansk medan han budde i Argentina: Ei bok om sjakkopninga dronninggambit og eit portrett av verdsmeisteren i sjakk José Raúl Capablanca. Capablanca gav elles Ståhlberg i 1939 tilnamnet El leon Sueco ('Den svenske løva'). Ståhlberg var også ein svært sterk amatør-bridgespelar og også lidenskapleg oppteken av hasardspel og sannsynsrekning.

Gideon Ståhlberg døydde i 1967, berre 59 år gamal, straks før han skulle spele sitt første parti i ei turnering i Leningrad.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Slutspel i schack
  • Schack och schackmästare (1937)
  • Partidas clasicas de Capablanca (la perfeccion en ajedrez) (1943) (es)
  • Interzonala schackturneringen Stockholm–Saltsjöbaden 1952: turneringsbok (1953)
  • Modern spelöppningsteori i schack (1953)
  • Världsschackturneringen Göteborg 1955: turneringsbok (1956)
  • I kamp med världseliten (1958)
  • Schack från början (1959)
  • Schack för alla (1961)
  • VM i schack i Moskva 1961: TalBotvinnik (1961)
  • Strövtåg i schackvärlden (1965)
  • Schackspelarens läsebok (1966) saman med Åke Wassing

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]