Gideå

Koordinatar: 63°28′51″N 18°58′19″E / 63.480877°N 18.972015°E / 63.480877; 18.972015
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°28′51″N 18°58′19″E / 63.480877°N 18.972015°E / 63.480877; 18.972015

Gideå
busetnad
Land  Sverige
Areal 66 km²
Folketal 283 (31. desember 2020)
Kart
Gideå
63°28′53″N 18°58′20″E / 63.481490294973°N 18.97232943747°E / 63.481490294973; 18.97232943747
Wikimedia Commons: Gideå

Gideå er ein tettstad i Örnsköldsviks kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i Sverige som òg husar Gideå socken si kyrkje, Gideå kyrka. Gideå fekk statusen tettstad i 1965, og ligg ved Gissjön cirka 20 km nordaust for Örnsköldsvik.

Gideå bruk[endre | endre wikiteksten]

Gideå hadde tidlegare eit jernverk, Gideå Bruk. Verket låg ved Gideälven cirka 4 km nedstrøms frå tettstaden Gideå. I 1804 fekk verket privilegium, og det stod ferdig i 1806. På 1800-talet var verket kjenneteikna av sterk vekst, fram til det blei lagt ned på 1870-talet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]