Hopp til innhald

Gießen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gießen
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Hessen
Region Gießen
Landkreis Gießen
Høgd 155–304 m
Areal 72,55 km²
Folketal 94 996 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1152
Postnummer 35331–35398
Retningsnummer 0641
Bilnummer GI
Kart
Gießen
50°35′00″N 8°40′00″E / 50.583333333333°N 8.6666666666667°E / 50.583333333333; 8.6666666666667
Wikimedia Commons: Gießen

Gießen er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 100 000 innbyggjarar, der 22 000 er studentar ved universitetet.

Gießen tyder å «helle», som i vatn. Byen ligg ved elva Lahn, om lag 50 km nord for Frankfurt og er omringa av mange innsjøar og elvar.

Gießen oppstod då det vart bygd eit slott ved breidda av elva i 1152 av grev Vilhelm von Gleiberg. Historia til forstaden i nordaust kalla Wieseck går tilbake til 775. I 1607 vart universitetet Justus Liebig-Universität Gießen grunnlagd. I 1977 vart Gießen slått saman med nabobyen Wetzlar og danna den nye byen Lahn; men denne avgjersla vart snudd om i 1979.

Under den andre verdskrigen låg det ei underavdeling av Buchenwald konsentrasjonsleir i byen. I 1944 vart byen kraftig bombardert og det meste av dei historiske byen og 75 % av byen vart øydelagd.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gießen