Giftig hale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Analysekart av ekstremvêret Hilde den 17. november 2013. Dei tette isobarane (trykkfeltet) like utafor kysten av Helgeland, sørvest for lågtrykkssenteret, er den giftige halen, som i dette tilfellet gav vind av orkan styrke.
Foto: Meteorologisk Institutt

Ein giftig hale innan meteorologi er eit omgrep som syner til eit område med særs kraftige vindar, som kan oppstå i ekstratropiske syklonar (som folk flest kjenner som lågtrykk), og følgjer utviklinga til Shapiro-Keyser-modellen for havgåande syklonar.

Mange av ekstremvêra i Noreg på grunn av kraftig vind har blitt ekstreme nettopp på grunn av slike giftige halar, til dømes Dagmar (2011), Hilde (2012), Nina (2015) og Ole (2015).

Omgrep[endre | endre wikiteksten]

Etter reanalysar av den store stormen i 1987, leia av professor Keith Browning ved University of Reading, fann forskarane ein mesoskala luftstraum der dei mest øydeleggjande vindane oppstod. Luftstraumen oppstår frå i enden av eit krumma, fordampande skyområde på sørsida av syklonen. Forma på denne skya, som minnar om halen på ein skorpion, har gjeve opphav til namnet «den giftige halen» (sting jet på engelsk).[1]

Ein trur at eit område med kraftig vind, som oppstår midt i troposfæren i enden av skya i eit lågtrykk som utviklar seg eksplosivt, vert forsterka ytterlegare når denne «jetten» søkk, tørkar ut og fordampar ein klår bane gjennom snø- og ispartiklar. Fordampingsavkjølinga fører til at lufta i jetten vert tyngre, og fører til ein akselerasjon nedover mot tuppen av skya, når skya byrjar å krumme seg rundt lågtrykksenteret. Vindstyrkar over 80 knop (150 km/h) kan oppstå i slike giftige halar.[2]

Ein har sidan den gong klart å skape slike jettar i høgoppløyselege vêrmodellar. Jetten skil seg frå det vanlege området med kraftig vind ein har ved kaldfront til og i omårdet kring slike lågtrykk. Det finst indikasjonar på at betinga symmetrisk instabilitet òg spelar ei rolle i danning av slike jettar, men ein veit ikkje kor viktig desse prosessane er enno.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Browning, Keith; Peter Clark; Tim Hewson; Robert Muir-Wood (2003). «Damaging winds from European cyclones». The Royal Society. Henta 27 March 2013. 
  2. Meteorological glossary Arkivert 2007-09-17 ved Wayback Machine. Booty.org, henta 15. februar 2015
  3. Cyclonic storms Arkivert 2003-12-14 ved Archive.is UWERN newsletter, retrieved 15. februar 2015
  4. Gray, S. L.; Martínez-Alvarado, O.; Baker, L. H.; Clark, P. A. (2011). «Conditional symmetric instability in sting-jet storms». Quarterly Journal of the Royal Meteorological Society 137: 1482–1500. Bibcode:2011QJRMS.137.1482G. doi:10.1002/qj.859.  |access-date= requires |url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]