Gihonkjelda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
מעיין הגיחון רוברטס.jpg
Gihonkjelda av David Roberts

Gihonkjelda (hebraisk skrift מעיין הגיחון) var den viktigaste vasskjelda for Davidsbyen, den opphavlege plasseringa til Jerusalem. Vasskjelda gjorde at det var mogeleg å bu i Jerusalem i oldtida. Vatnet vart ikkje berre nytta til drikkevatn, men òg til vatning av hagar i Kidrondalen. Kjelda, som berre renn til tider av året, gjorde at Siloambassenget vart bygd for å lagre vatn når kjelda ikkje rann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]