Gilbertøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Gilbertøyane.
Satellittbilde av Gilbertøyane.
Teikning av innbyggjarar frå Tabiteuea frå rundt 1840.

Gilbertøyane er ei kjede av 16 atollar og koralløyar ved ekvator i Mikronesia vest i Stillehavet. Øygruppa utgjer hovuddelen av øystaten Kiribati.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gilbertøyane blei opphavleg folkesett av mikronesiske folkeslag. Seinare kom polynesarar til.

Dei hadde budd her i fleire hundreår då europeiske sjøfarande «oppdaga» dei. Spanske Pedro Fernández de Quirós såg Butaritari (Makin) allereie i 1606. Ei av dei første registrerte observasjonane av øyane skriv seg frå 1765 då John Byron på skipet «Dolphin» oppdaga øya Nikunau.

I 1788 kryssa kaptein Thomas Gilbert gjennom Abemama, Kuria, Aranuka, Tarawa, Abaiang, Butaritari og Makin. I åra som følgde utforske mange skip dei små øyane og atollane under stillehavsreiser. Adam Johann von Krusenstern kalla dei først îles Gilbert (Gilbertøyane) i 1820. Øyane blei kartlagde av franske Louis Duperrey på 1820-talet.

Det blei oppretta eit britisk protektorat over Gilbertøyane i 1892. I 1915 blei Gilbert- og Elliceøyene utropt til ein koloni i Det britiske imperiet.

Under andre verldskrigen blei øyane okkupert av Japan frå 1941 til 1944. 20. november 1943 gjekk den amerikanske hæren og 2. marinekorpsdivisjon i land på Makin og Tarawa, og vann til slutt over dei japanske styrkane. Gilbertøyane blei så brukt som base for å støtta invasjonen av Marshalløyane i februar 1944.

Kolonien fekk sjølvstyre i 1971. Frå 1976 til 1978 var Elliceøyane (dagens Tuvalu) frådelt, og Gilbertøyane blei kolonien Gilbert Islands. I 1979 stemte Gilbertøyane for sjølvstende, og 12. juli 1979 blei dei den uavhengige nasjonen Kiribati.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gilbertøyane dannar ei rekkje som hovudsakleg går mellom nord og sør. Ekvator går gjennom midten av gruppa. Gjennom ei rekkje undervassfjell heng Gilbertøyane saman med Ratakgruppa i Marshalløyane.

Dei nordlege øyane har meir nedbør enn dei sørlege, og ein kan derfor dyrka fleire avlingstypar her. Historisk har ein også dyrka meir taro og babai (Colocasia esculenta) her på grunn av denne større nedbørsmengda. Kokospalmer veks overalt.

Desse øyane utgjer Gilbertøyane (i alfabetisk rekkjefølge):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gilbertøyane