Gilbert Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gilbert Stuart
Gilbert Stuart Selfportrait.jpg
Fødd 3. desember 1755
North Kingstown
Død

9. juli 1828
Boston

Sjanger portrett, portrettmåleri
Yrke kunstmålar

Gilbert Charles Stuart (3. desember 17559. juli 1828) var ein USA-amerikansk kunstmålar. Stuart var ein leiande kunstmålar i tida etter den amerikanske revolusjonen og er særleg kjend for sine mange portrett av George Washington. Eit av portretta er gjengitt på den USA-amerikanske dollarsetelen.

George Washington, ukjent år

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stuart var fødd i Saunderstown i Rhode Island. Faren var ein skotsk immigrant som arbeidde snusindustrien, og som frå 1762 dreiv handelsverksemd i Newport i Rhode Island.

Sonen Gilbert fekk opplæring i kunstmåling av ein skotsk kunstmålar frå 1770. Året etter reiste Stuart til England. Der prøvde han å livnære seg som kunstmålar, men gav opp og reiste heim i 1773.

Han reiste på ny til London i 1775. Der møtte han landsmannen Benjamin West og gjekk dei neste seks åra i lære hos han. På 1780-talet naut Stuart godt av store inntekter og stønad, dels på grunn av å vere ein sjarmerande person. Han tok høge prisar for verka sine, men sløste vekk pengane og stod ei tid i fare for å hamne i gjeldsfengsel.

I 1793 vende han tilbake til USA i håp om å skape seg ein formue gjennom å portrettere George Washington. Han lukkast og var nærast å rekne for ein hoffmålar for det samtidige USA. Stuart måla alle dei seks første US-amerikanske presidentane.

Stuart levde frå 1805 i Boston i Massachusetts, der han døydde i armod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gilbert Stuart