Gilboafjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°26′02″N 35°24′52″E
Gilboafjellet
fjellkjede
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 32°26′02″N 35°24′52″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Gilboa

Gilboafjellet (hebraisk הר הגלבוע, Har haGilboa) er ei fjellkjede oppom Jezreeldalen nord i Israel.

Landskap på Gilboa

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Bibelen leia kong Saul, den første israelske monarken, eit åtak mot filistrane på Gilboafjellet. Slaget endar med at kongen fell på sitt eige svert og Jonatan vert drepen i slaget. David, som kjem til staden etter slaget, forbannar fjellet: «De Gilboa-fjell, gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, gjev markene aldri må bera førstegrøde! For der låg tilsølte krigarskjold, Sauls skjold var ikkje smurt med olje.» (2. Samuel 1:21)[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Formasjonen strekkjer seg frå søraust til nordvest og grensar til høglandet på Vestbreidda og Beit She'an-dalen. Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda går sør og vest for ryggen.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Gilboa iris

Kvart år blømer Irus Ha-Gilboa, ein rosa iris, på fjellet. Det er oppretta to naturreservat på Gilboa. Irus Ha-Gilboa naturreservat i 1970, som dekkjer 7,28 km² og Aust-Gilboa-reservatet i 2005, som dekkjer 18,29 km².[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Panoramabilete av Gilboafjellet
  2. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. http://parks.org.il/sigalit/muchrazim.pdf. Henta 30. september 2014.