Gimlé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gimlé eller Gimle (gamalnorsk gimlé, nyislandsk gimli) er i norrøn gudelære den venaste salen i Åsgard, med tak tekt av gull. Etter Den yngre Edda skal dei overlevande etter Ragnarok koma hit. Gimlé er skildra som den venaste staden på jorda, so vel som samlingssalen i Åsgard, der stridsmennene for rettferda skal koma etter dauden.

Sal ser ho stande
fagrar’ enn sol,
med gull er han takt,
på Gim-lé.
Trivst der tyde
trugne lydar,
mun i alder og æve
ynde njote.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Gimlé har truleg samanheng med le i tydinga ‘livd’.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Voluspå, vers 64, til norsk ved Ivar Mortensson-Egnund, heimskringla.no