Gimme Shelter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gimmie Shelter)
Gimme Shelter
Song av The Rolling Stones featuring Merry Clayton
frå albumet Let It Bleed
Utgjeve 5. desember 1969
Innspelt 23. februar og 2. november 1969
Sjanger Hardrock,[1] bluesrock, psykedelisk rock, soul
Lengd 4:37
Selskap Decca Records/ABKCO
Komponist Mick Jagger, Keith Richards
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller

«Gimme Shelter» er ein song av The Rolling Stones på albumet Let It Bleed frå 1969. Sjølv om det første ordet vart stava «Gimmie» på dette albumet, har bandet på seinare innspelingar, samt andre artistar som har spelt songen, nytta «Gimme» som den vanlege stavinga.

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Richards hadde arbeida med opningstonane i London medan Jagger arbeidde med filmen Performance. Songen er forma som ein mellomrask, malande rockelåt. Han startar med ein rytmegitarintro av Richards, etterfølgd av Jagger på solovokal. Jagger har sagt om songen at han er ein slags «enden-på-verda-song» eller ein apokalyptisk song.[2]

Songteksten omhandlar det å søke ly (shelter) for eit komande uvêr, og måler eit bilete av øydelegging og sosial apokalypse, men òg om makta kjærleiken har:

« Oh, a storm is threat'ning, My very life today; If I don't get some shelter, Oh yeah, I'm gonna fade away »
« War, children, it's just a shot away, It's just a shot away; War, children, it's just a shot away, It's just a shot away »

Korvokalen vert sungen av gjestevokalist Merry Clayton. Jagger har seinare sagt at det var produsenten sin ide å ta inn ei kvinneleg stemme. Clayton syng òg eit soloparti på songen etter ein av gitarsoloane til Richards med linjene «Rape, murder; It's just a shot away, It's just a shot away». Ho og Jagger endar songen med linja «Love, sister, it's just a kiss away». Ei kvinne har sidan ikkje hatt eit like stort vokalt bidrag på ein Rolling Stones-song.[3]

Innspelinga fann stad i Olympic Sound Studios i London i februar og mars 1969. Vokalen til Clayton vart spelt inn i Los Angeles i Sunset Sound & Elektra Studios i oktober og november same året. Nicky Hopkins spelar piano på songen, medan produsent Jimmy Miller spelar perkusjon. Charlie Watts speler trommer, medan Bill Wyman speler bass. Jagger speler munnspel og song korvokal i lag med Richards og Clayton. Gitarist Brian Jones var ikkje med på denne innspelinga.

Sjølv om songen er populær, vart han aldri gjeven ut på singel. Han vart raskt eit fast innslag på konsertane deira og har vore med på mange samlealbum, mellom andre Hot Rocks 1964-1971 og Forty Licks, samt konsertalbuma No Security og Live Licks.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 38. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2004.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av mange artistar, mellom andre Merry Clayton (ei eiga utgåve i 1970), Grand Funk Railroad, The Sisters of Mercy, Goo Goo Dolls, Inspiral Carpets, John Mellencamp, Meat Loaf, Holy Soldier, Hawkwind, Michael Hedges, Thunder, Hellacopters, Ashley Cleveland, Rio Reiser, The Accident Experiment, Turboneger, London Symphony Orchestra, Streetlab, Patti Smith, Keith Urban og Alicia Keys, Angélique Kidjo og Joss Stone, Stereophonics, Sheryl Crow, Twilight Dementia og Tom Jones

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. v.d. Luft, Eric (21. september 2009). Die at the Right Time!: A Subjective Cultural History of the American Sixties. Gegensatz Press. s. 410. ISBN 978-1-933237-39-8. 
  2. Wenner, Jann. Jagger Remembers Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine., Rolling Stone (14. desember 1995).
  3. Unterberger, Richie. "Gimme Shelter". allmusic.com (2007)..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]