Gimsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gimsøy
Geografi
Norway - Gimsøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°18′2″N 14°12′27″EKoordinatar: 68°18′2″N 14°12′27″E
Øygruppe Lofoten

Areal 46,4 km²

Høgaste punkt Svarttinden (767 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 230
Folketettleik 5 /km²

Gimsøy er ei øy i Lofoten. Øya ligg mellom Austvågøya og Vestvågøya, og høyrer til Vågan kommune. Øya har eit areal på 46,4 km².

Gimsøy har tidlegare vore ein eigen kommune. Kommunen vart skild ut frå Vågan kommune i 1856, under namnet Gimsøy kommune. Ved opprettinga hadde Gimsøy kommune 987 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Gimsøy, Vågan og bykommunen Svolvær slått saman igjen til nye Vågan kommune. Ved samanslåinga hadde Gimsøy kommune 1551 innbyggjarar.

Den sørlege og austlege delen av Gimsøy er kupert. Det høgaste punktet er Svarttinden på 767 moh. I nord og vest er øya flat og myrlendt, med unntak av fjellet Hoven på 368 moh.

Gimsøy har butikk, barne- og ungdomsskule. Hovudnæring er jordbruk, men òg fiske og turisme er viktige inntektskjelder på denne øya som har om lag 230 innbyggjarar.

Europaveg 10 passerer sørsida av Gimsøy, og knyter øya til Austvågøya i aust over Gimsøystraumen bru og Vestvågøya i vest over Sundklakkstraumen bru. Elles går det fylkesveg og kommunal veg rundt heile øya.

Det har vore diskutert å bygge ein storflyplass for Lofoten på dei flate myrene på Gimsøya, til erstatning for kortbaneflyplassane i Svolvær og på Leknes, men dette er så langt berre lause idear. Gimsøymyrene naturreservat ligg på øya.