Gimsøydalaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida til mynten viser eit portrett av kong Christian III.
Baksida til mynten viser det norske riksvåpenet.

Gimsøydalaren, òg kjend som sylvgylden eller sylvdalaren, er namnet på den fyrste norske utgåva av dalar prega i 1546. Ein gimsøydalar svara til tre mark à 16 skilling.[1] Gimsøydalaren er den mest ettertrakta norske mynten for myntsamlarar.[2][3]

Det finst i dag berre 18 eksemplar av gimsøydalaren, der tolv er eigde av museum og statlege samlingar og seks er i privat eige.[4] Éin gimsøydalar har ein verdi på nesten to millionar norske kroner.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gimsøydalaren er 3,5 centimeter i diameter og veg om lag 30 gram, derav omtrent 26,49 gram sylv (1 kølnsk mark à 233,85g sylv = 8,827 dalarar = 8 gimsøydalarar à 26,49 g sylv).

Adversen (framsida) viser eit portrett av kong Christian III, medan reversen (baksida) viser det norske riksvåpenet; løva med krone og øks.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Gimsøydalaren har namn etter staden han vart prega, i Gimsøy kloster ved Skien. Gimsøy var tidlegare eit nonnekloster, men klosterverksemda vart etter reformasjonen i Noreg i 1537 forboden.[5] Gimsøy vart brukt til myntproduksjon, for di ein hadde funne sylvførekomst i Telemark. Etter reformasjonen tok kong Christian III over eit koparverk i Gullnes ved Sundsbarmvatnet i Seljord, som før hadde høyrt til biskopen i Hamar. Her sette kongen i gang utvinning av sylv i 1539 ved hjelp av bergfolk frå Sachsen.[4] Noko av sylvet kom òg truleg frå Fyresdal. Mykje av dette sylvet vart ført til Gimsøy, der det vart starta myntproduksjon i 1543, under leiing av myntmeisteren Jørgen Kock.[6]

Den fyrste norske dalaren[endre | endre wikiteksten]

Gimsøydalaren var den fyrste norske dalaren som vart laga i Noreg. Dei fyrste dalarane i Europa vart prega i Joachimsthal i Böhmen i 1519 og vart kalla Joachimsthalerar, forkorta til Thaler. Både myntane og namnet vart snøgt etterlikna i andre land, til og med i Danmark-Noreg som kalla dei for daler. Amerikanske dollar har same opphav. Myntane i mellomalderen i Noreg var ofte små og hadde lågt innhald av sylv. Gimsøydalaren derimot, var på grunn av sitt høge innhald av sylv ein internasjonalt gangbar mynt.[6]

Det finst spekulasjonar om gimsøydalarane vart prega i Danmark, ettersom Gimsøy kloster brann ned same år som myntane vart prega. Det norske sylvet skal ha vorte sendt til København i kjølvatnet av dette. Det er mogeleg at dalarane vart prega i København eller at nordmennene importerte stempla frå Danmark.[1] Ein reknar uansett gimsøydalaren som den fyrste norske dalaren ettersom han har eit norsk motiv, den norske løva, på reverssida.[7]

Gimsøydalarane er av nasjonal tyding, ein må difor søkja om løyve for å kunne taka med seg myntane ut av Kongeriket Noreg.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Skaare, Kolbjørn (1995). Norges mynthistorie. no: Universitetsforl. s. 102-104. ISBN 8200226662. 
  2. «Gimsøydaleren – Norges mest ettertraktede mynt - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 12. desember 2022 
  3. NRK (23. november 2009), «Prisrekord for norsk mynt», NRK (på norsk bokmål), henta 12. desember 2022 
  4. 4,0 4,1 «Norway. Sølvgylden 1546, Gimsøy. RR. Innrisset X på advers/graffiti X on obverse. S.1», Oslo Myntgalleri, henta 12. desember 2022 
  5. Østvedt, Einar (1970). Nonneklosteret på Gimsøy. Rasmussen. s. 72-88. 
  6. 6,0 6,1 «Gimsøydaleren – Norges mest ettertraktede mynt - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 12. desember 2022 
  7. «Norges første daler», www.dokpro.uio.no, henta 12. desember 2022 
  8. «Forskrift om utførsel og innførsel av kulturgjenstander - Kapittel IV. Straff, kontroll og ikrafttredelse - Lovdata», lovdata.no, henta 12. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]