Tempeltre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ginkgo biloba)
Tempeltre
Tempeltre
Tempeltre
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Ginkgophyta
Klasse: Ginkgoopsida
Familie: Ginkgoaceae
Slekt: Ginkgo-slekta Ginkgo
Art: Tempeltre G. biloba
Vitskapleg namn
Ginkgo biloba
Tverrsnitt av Ginkgo biloba - MHNT

Tempeltre (vitskapleg namn Ginkgo biloba) er den einaste overlevande arten av ei stor gruppe nakenfrøingar som hadde ei stordomstid i jura- og krittida, men oppstod allereie i permtida i jorda si oldtid. Ein har funne 270 millionar år gamle fossil av gruppa. Treet fanst vilt i den kinesiske provinsen Sichuan, men har etter ca. 1000 e.kr. blitt utbreidd i heile Aust-Asia som eit heilagt tre i tempelanlegg. Alle ville populasjonar verker å ha blitt utrydda, og det er mogleg at arten i dag berre finst som kultivert prydtre. Ginkgo er saman med konglepalmane dei einaste frøplantane som produserer rørlege sædceller.

Tempeltreet blei kjent i Europa etter at det blei skildra av Engelbert Kaempfer i 1712. Etter dette blei treet òg populært i europeiske parkar. I nokre europeiske byar har tempeltreet òg vore brukt som gatetre sidan det krev lite stell. Vanlegvis er det hanntrea som blir brukte, sidan hotrea ber frukt som luktar sterkt av roten ost. Artsskildringa blei gjort av Linné i 1771.

Namn og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Namnet «tempeltre» viser til tydinga treet har i tempelparkar. Opphavet til namnet Ginkgo kan koma frå ein skrivefeil av treet sitt europeiske «oppdagar» Engelbert Kaempfer. Tempeltreet heitte tidlegare Yín Xìngkinesisk (銀杏 = «sølvaprikos»; i dag Bái Guǒ, 白果), etter utsjånaden på frukta. Dette blei omsett til japansk med Ginkyō (= «sølvfrukt»; i dag Ichō). Kvifor Kaempfer erstatta y-en med ein g, er uklart.

Tempeltreet blir rekna for å vera nært i slekt med bartrea, men dei nøyaktige slektskapstilhøva blant nakenfrøeingar er framleis ikkje heilt klarlagt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tempeltreet er eit sommargrønt tre som blir opptil 40 m høgt. Mest karakteristisk er blada, som er vifteforma, dels tydeleg tvidelte med eit hakk i midten (jf. artsepitetet biloba = «toflika»). Det er ein særbuplante, det vil seia at det finst særskilde hann- og hoplantar.[1] Fruktene liknar på plommer og smakar søtt, men utviklar ei intens lukt av smørsyre.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I Asia blir fruktene og frøa brukte til matlaging. Tempeltreet har likevel større tyding som lækjemiddel. Fruktene og ekstrakt frå blada blir brukte til å framstilla medisin som styrkar blodforsyninga, spesielt av hjernen. Sjølv om ekstrakta blir marknadsførte som at dei skal vera bra for hukommelse og Alzheimers sjukdom, viser dei beste vitskaplege forsøka at Ginkgo biloba ikkje har nokon slik effekt.[2]

Tempeltre kan nå ein høg alder. Ein kjenner til individ på over 1500 år. I Botanisk hage i Oslo finst eit tre planta i 1870 som ein reknar med er det eldste treet av arten i Nord-Europa.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordal, Inger (29. september 2014). «tempeltre». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  Fri artikkel.
  2. Dekosky (2008). «Ginkgo biloba for prevention of dementia: a randomized controlled trial.». JAMA : the journal of the American Medical Association 300 (19): 2253–62. doi:10.1001/jama.2008.683. PMID 19017911.
  3. «Ginkgo - Naturhistorisk museum», www.nhm.uio.no (på norsk), henta 22. september 2020