Giorgia Meloni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

 

Giorgia Meloni

Fødd15. januar 1977 (47 år)
Roma i Italia
Statsborgar avItalia
PartiItalia sine Brør (italiensk: Fratelli d'Italia)
YrkePolitikar
FarFrancesco Meloni
SambuarAndrea Giambruno
BarnGinevra Giambruno
FøregangarMario Draghi
Alle verv
  • Italias statsminister (2022–)
  • medlem av Deputertkammeret (2018–2022)
  • medlem av Deputertkammeret (2013–2018)
  • medlem av Deputertkammeret (2008–2013)
  • Italias ungdomsminister (2008–2011)
  • Italias ungdomsminister (2008–2008)
  • medlem av Deputertkammeret (2006–2008) Sjå dette på Wikidata

Giorgia Meloni (fødd 15. januar 1977) er ein italiensk journalist og politikar som har vore Italia sin statsminister sidan den 22. oktober 2022. Ho er den fyrste kvinnelege statsministeren i Italia.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Giorgia Meloni kjem frå ein relativt velståande familie. Då ho vart fødd i Roma den 15. januar 1977, arbeida faren hennar, som er av sardinsk opphav, som rekneskapsførar og var medlem av det italienske kommunistpartiet. Mora hennar, som er av siciliansk opphav, var høgreorientert og ei heimeverande hustru.[3]

Då Meloni var tre år gamal, kveikte ho ved eit uhell ein brann i familiebustaden, medan ho leika med fyrstikkar med systera.[3] Familien flytta dernest til Garbatella-distriktet sør for hovudstaden. Giorgia sine foreldre skilde seg kort tid etter, og faren fór til Kanariøyane for å driva forretning der. Giorgia Meloni braut dernest kontakten med faren og har ikkje tala med han sidan.

Giorgia Meloni er utdanna lingvistikk og har arbeida som journalist. Ho har ei dotter med partneren sin, Andrea Giambruno.[4]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho har uttala at ho er motstandar av at homofile par skal kunna inngå ekteskap eller adoptere barn. Ho er også oppteken av å forsvara det ho sjølv definerer som kristne verdiar. Ho vil utvida dei økonomiske støtteordningane til familiane, og ho vil gjera det lettare for kvinner å kombinera yrkeskarriere og famileliv.

Meloni er tilhengjar for å innføra tiltak for å stramma inn innvandringspolitikken.

Sjona hennar på økonomisk politikk er prega av liberalisme. Ho er tilhengjar av å innføra flat skatt for privatpersonar og å hjelpa italienske selskap til å verta meir konkurransedyktige.

Ho har forsvara den ungarske statsministeren Viktor Orbán, og har uttala seg at ho har henta inspirasjon frå Ronald Reagan og pave Johannes Paul II.[5]

Frå 2008 til 2011 var Meloni ungdoms- og idrettsminister i Silvio Berlusconi si regjering.[6]

Ho har vore leiar for Italia sine Brør sidan 2014. Partiet er eit høgreorientert populistisk nasjonalistisk parti som vart danna av den italienske sosiale rørsla, eit nyfascistisk parti som opprinneleg vart grunnlagt av gamle medlemer av det fascistiske partiet.

Sidan 2020 vore leiar for europapartiet Europeiske konservative og reformatorar, som er skeptiske til EU.

Ved det italienske valet den 26. september 2022 fekk partiet hennar ei oppslutning på 26 %, og vart det partiet med best oppslutning.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rome, Reuters in (21. oktober 2022), «Far-right Giorgia Meloni appointed Italy’s first female prime minister», the Guardian (på engelsk), henta 21. oktober 2022 
  2. Amante, Angelo; Weir, Keith (21. oktober 2022). «Meloni takes charge as PM as Italy swings to the right». Reuters (på engelsk). 
  3. 3,0 3,1 Dumont, Ariel F. (2020-02-07UTC19:11:03+0200), «Italie : Giorgia Meloni, l'espoir du populisme qui rattrape Matteo Salvini sur sa droite», www.marianne.net (på fransk), henta 26. september 2022 
  4. politica, Redazione (16. september 2016), «Ginevra, “sorellina d’Italia”: è nata la bambina di Giorgia Meloni», Corriere della Sera (på italiensk), henta 26. september 2022 
  5. Lima, Geir (26. september 2022). «Giorgia Meloni». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. «Giorgia Meloni». Wikipedia (på norsk bokmål). 25. september 2022. 
  7. Darrud, Aud (26. september 2022), «Høyresiden på vei mot brakseier i Italia», NRK (på norsk bokmål), henta 26. september 2022