Hopp til innhald

Giorgio Crescentini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giorgio Crescentini
Statsborgarskap San Marino
Fødd 8. mars 1950 (74 år)
Montegiardino
Idrett fotball

Giorgio Crescentini (fødd 8. mars 1950) er ein tidlegare regentkaptein av San Marino[1] og mangeårig leiar for den sanmarinske fotballføderasjonen, Federazione Sammarinese Giuoco Calcio.[2][3] Han sat i stillinga i 32 år.[4]

Giorgio Crescentini blei fødd i San Marino. Han gjekk ut frå Urbino sportshøgskule i 1973,[5] og spelte fooball i både heimlandet og Italia. Han blei fyrst medlem av den sanmarinske fotballføderasjonen i 1977, og var visepresident frå 1982 til 1985 før han blei president i 1985. Crescentini blei kapteinregent av San Marino den 1. april 1984, og sat i stillinga med Gloriana Ranocchini til 1. oktober 1984.

Crescentini var fotballpresident i 32 år. Han annonserte at han kom til å trekka seg ved slutten av året i 2015.[6] Han blei etterfølgd av Marco Tura i 2017.[7] I 2019 blei han utnemnd til æresmedlem.[4]

  1. Current World Leaders, Volume 28, Issues 1-6
  2. Current World Leaders, Volume 28, Issues 1-6
  3. UEFA
  4. 4,0 4,1 Pelliccioni, Luca (20. august 2019), «Lunedì prossimo i sorteggi di Campionato e Coppa: Giorgio Crescentini sarà insignito del titolo di membro d’onore», FSGC (på italiensk), henta 23. april 2024 
  5. Profile for Giorgio Crescentini
  6. Bonifazi, Elya (30. juni 2015), «COMUNICATO STAMPA DEL PRESIDENTE GIORGIO CRESCENTINI», FSGC (på italiensk), henta 23. april 2024 
  7. Moretti, Andrea (2. februar 2017), «COMUNICATO STAMPA - INCONTRO TURA E CRESCENTINI CON ČEFERIN», FSGC (på italiensk), henta 23. april 2024