Giorgio Moroder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giorgio Moroder
Giorgio Moroder - First Avenue Minneapolis - The Current (44776142702).jpg
Moroder på First Avenue i Minneapolis i 2018
Fødd26. april 1940 (82 år)
FødestadUrtijëi i Sør-Tirol i Italia
FødenamnGiovanni Giorgio Moroder
OpphavItalia
Aktiv
  • 1958–1993
  • sidan 2012
Sjanger
Instrumentsynthesizer
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Komponist
  • låtskrivar
  • plateprodusent
PrisarOscar for beste originalmusikk, Oscar for beste sang, Oscar for beste sang, Bambi-prisen, Bambi-prisen, Grammy Award for Best Dance Recording, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden, Golden Globe Award for Best Original Song, Golden Globe Award for Best Original Score, Golden Globe Award for Best Original Score, Grammy Award for Best Score Soundtrack for Visual Media, Grammy Award for Best Instrumental Composition, Grammy Award for Album of the Year, Golden Globe Award for Best Original Song

Giovanni Giorgio Moroder (fødd 26. april 1940)[3][4] er ein italiensk komponist, låtskrivar og plateprodusent. Han er kalla «discoens far»,[5][6][7] Moroder vert rekna som ein pioner innan eurodisco og elektronisk dansemusikk.[2][8] Arbeidet hans med synthesizer har hatt stor innverknad på fleire musikksjangrar som Hi-NRG, Italo disco, new wave, house og techno.[8][9][10]

Då han var i München i 1970-åra skipa Moroder sitt eige plateselskap kalla Oasis Records, som fleire år seinare vart ei underavdeling av Casablanca Records. Han skipa det tidlegare Musicland Studios i München, eit platestudio nytta av mange artistar som The Rolling Stones, Electric Light Orchestra, Led Zeppelin, Deep Purple, Queen og Elton John.[11] Han produserte singlar for Donna Summer i discotida i midten og slutten av 1970-åra, inkludert «Love to Love You Baby», «I Feel Love», «Last Dance», «MacArthur Park», «Hot Stuff», «Bad Girls», «Dim All the Lights», «No More Tears (Enough Is Enough)» og «On the Radio». I denne perioden gav han òg sjølv ut mange album, som dei synthesizerdominerte From Here To Eternity (1977) og E=MC2 (1979).[12]

Moroder produserte Suzi Lane og discoalbumet hennar, inkludert listetoppen «Ooh La La». Ho fekk òg ein mindre hit med «Harmony» på Elektra Records i 1979. Han byrja å komponere filmmusikk, inkludert Midnight Express, American Gigolo, Superman III, Scarface, The NeverEnding Story og 1984-utgåva av Metropolis. Moroder sitt arbeid på filmen Midnight Express (1978), som inneheld den internasjonale hitten «Chase», vann han Oscarprisen og Golden Globe-prisen for beste filmmusikk. Han produserte ei rekkje elektroniske discosongar for The Three Degrees, to album for Sparks, og nokre songar for Bonnie Tyler-albumet Bitterblue og singelen hennar «Here She Comes» frå 1985. I 1990 komponerte han «Un'estate italiana», den offisielle kjenningsmelodien for fotball-VM for herrar i 1990.

Moroder har skrive songar for mange artistar, som David Bowie, Kylie Minogue, Irene Cara, Janet Jackson, Madleen Kane, Melissa Manchester, Blondie, Japan og France Joli. Moroder har sagt at av desse er han mest stolt av Berlin sin «Take My Breath Away»,[13] som han vann både Oscarprisen og Golden Globe for i 1986. Han hadde fått same prisane i 1983 for «Flashdance... What a Feeling». I tillegg til tre Oscarprisar og fire Golden Globe-prisar har Moroder fått fire Grammyprisar, to People's Choice Awards og meir enn 100 gull- og platinaplater. I 2004 vart han innlemma i Dance Music Hall of Fame.[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krettenauer, Thomas (2017). «Hit Men: Giorgio Moroder, Frank Farian and the eurodisco sound of the 1970s/80s». I Michael Ahlers; Jacke, Christoph. Perspectives on German Popular Music. London: Routledge. ISBN 978-1-4724-7962-4. 
  2. 2,0 2,1 Allen, Jeremy (14. august 2015). «Giorgio Moroder – 10 of the best». The Guardian. Arkivert frå originalen 8. november 2020. Henta 17. september 2020. 
  3. Tobias Rüther (26. april 2010). «Giorgio Moroder zum Siebzigsten: Ich fühle Liebe». Frankfurter Allgemeine Zeitung. Arkivert frå originalen 14. november 2012. Henta 25. april 2022. 
  4. «Giorgio Moroder». laut.de. Arkivert frå originalen 15. juni 2015. Henta 21. mai 2012. 
  5. «This record was a collaboration between Philip Oakey, the big-voiced lead singer of the techno-pop band the Human League, and Giorgio Moroder, the Italian-born father of disco who spent the '80s writing synth-based pop and film music.» Evan Cater. «Philip Oakey & Giorgio Moroder: Overview». AllMusic. Henta 21. desember 2009. 
  6. «The Legacy of Giorgio Moroder, the «Father of Disco»». Blisspop. 27. august 2018. Arkivert frå originalen 25. april 2022. Henta 25. april 2022. 
  7. «'Father of Disco' Giorgio Moroder announces Glasgow date on first ever live tour». The Sunday Post. Arkivert frå originalen 23. mars 2019. Henta 25. april 2022. 
  8. 8,0 8,1 Brewster, Bill (22. juni 2017). «I feel love: Donna Summer and Giorgio Moroder created the template for dance music as we know it». Mixmag. Arkivert frå originalen 18. februar 2020. Henta 9. januar 2019. 
  9. Jim Poe. «Giorgio Moroder: 10 groundbreaking tunes». The Guardian. Arkivert frå originalen 8. mars 2017. Henta 24. august 2015. 
  10. «Giorgio Moroder: Godfather of Modern Dance Music». Time. Arkivert frå originalen 23. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  11. Hecktor, Mirko; von Uslar, Moritz; Smith, Patti; Neumeister, Andreas (1. november 2008). Mjunik Disco – from 1949 to now (på tysk). s. 212, 225. ISBN 978-3936738476. 
  12. Richardson, Terry (16. juni 2015). «The Giorgio Moroder Primer». Out. Arkivert frå originalen 1. august 2020. Henta 21. april 2022. 
  13. «He felt love with Donna Summer, now its Deja Vu for Giorgio Moroder – 11/06/2015». Australian Broadcasting Corporation. 11. juni 2015. Henta 24. august 2015. 
  14. «Disco stars to enter Hall of Fame». BBC News. 4. september 2004. Arkivert frå originalen 3. januar 2009. Henta 25. april 2022. 
  15. «Giorgio Moroder – Solitary Men». AllMusic. Arkivert frå originalen 19. februar 2015. Henta 18. september 2014. 
  16. «Giorgio Moroder – To Be Number One». AllMusic. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. Henta 18. september 2014. 
  17. «Giorgio Moroder – Forever Dancing». AllMusic. Arkivert frå originalen 18. mars 2015. Henta 18. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Giorgio Moroder