Giorgio Napolitano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giorgio Napolitano
Presidente Napolitano.jpg
Fødd 29. juni 1925
Napoli
Verv President i Italia
Periode 2006-2015
Føregjengar Carlo Azeglio Ciampi
Etterfylgjar Sergio Mattarella
Giorgio Napolitano på Commons
Giorgio Napolitano under Festa della Repubblica Italiana 2. juni 2006

Giorgio Napolitano (fødd 29. juni 1925) er ein italiensk politikar og president av Italia frå 2006 til 2015. Han er også livstidssenator i landet.

Napolitano vart fødd i Napoli sør i Italia. Under andre verdskrigen var han med i ei partisangruppe som kjempa mot dei nazistiske okkupantstyrkane. Etter krigen vart han med i det Partito Comunista Italiano (Det italienske kommunistpartiet). Etter at det vart oppløyst i 1991 vart han medlem av Democratici di Sinistra (Venstredemokratane).

Napolitano var innanriksminister i Italia frå 1996 til 1998. Han vart vald til president i Italia 10. mai 2006 og vart sett inn i embetet 15. mai same år.