Giovanni Artusi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giovanni Artusi

Føddca. 1540
FødestadBologna
Død18. august 1613 (73 år)
DødsstadBologna
Verka somkomponist, musikkforskar, musikkteoretikar, katolsk prest

Giovanni Maria Artusi (fødd kring 1540 i Bologna, daud 18. august 1613) var ein italiensk musikkteoretikar, forfattar og renessansekomponist.

Artus har fått eit herostratisk ry som ein av dei mest reaksjonære kommentatorane i musikkhistoria etter å ha gått til åtak på innovative musikarar som rundt år 1600 bidrog til den tidlege utviklinga av barokkmusikken.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Artusi var ein lærd geistleg innan trusfellesskapet San Salvatore i Bologna. Han var ein dyktig kontrapunktikar, men var musikalsk tilbakeskodande. Heile livet heldt han seg tru til dei musikalske ideane til læraren sin Gioseffo Zarlino, ein av dei leiande musikkteoretikarane på slutten av 1500-talet. Vincenzo Galilei gjekk til åtak på Zarlino i verket Dialogo della musica antica e della moderna frå 1581, og Artusi rykka då ut og forsvarte læraren og musikkstilen hans

Den best kjende episoden i livet til Artusi, og ein av dei best kjende i historia til musikk-kritikk, fann stad mellom 1600 og 1603. Då gjekk Artusi til åtak på ein ikkje namngjeven komponist, men det var tydeleg at målet var Claudio Monteverdi. I forordet til den femte madrigalsamlinga si svarte Monteverdi på åtake med å føreslå at ein burde skilja musikken i to retningar: den gamle renessansestilen, som han kallla prima prattica, og den nye barokkstilen, seconda prattica. Prima prattica skildra han som det polyfone idealet frå 1500-talet, karakterisert av streng kontrapunktikk, førebudde dissonansar og jambyrdige stemmer. Seconda prattica var den nye monodiske stilen som la vekt på sopran- og bass-stemmene, og dessutan representerte byrjinga på ein bevisst funksjonell tonalitet.

Det finst berre att nokre få komposisjonar etter Artusi: ei bok med canzonetter for fire stemmer (Venezia, 1598) og ein Cantate Domino for åtte stemmer (1599), alle haldne i ein konservativ stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Claude Palisca: Giovanni Artusi. I The New Grove Dictionary of Music and Musicians. red. Stanley Sadie. 20 bd. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980, ISBN 1-56159-174-2
  • Gustave Reese: Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
  • Manfred Bukofzer: Music in the Baroque Era. New York, W.W. Norton & Co., 1947. ISBN 0-393-09745-5
  • Giovanni Artusi: L'Artusi, ovvero Delle imperfezioni della moderna musica, oms. Oliver Strunk, i Source Readings in Music History. New York, W.W. Norton & Co., 1950.