Giovanni Battista Beccaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Giovanni Battista Beccaria (3. oktober 171627. mai 1781) var ein italiensk fysikar, fødd i Mondovì. Han var medlem av den religiøse ordenen til Dei fromme skulane frå 1732, der han studerte, og seinare underviste i, grammatikk og retorikk. Samstundes lærte han seg matematikk.[1]

Han vart professor i eksperimentell fysikk, først ved Universitetet i Palermo, så Universitetet La Sapienza i Roma og fekk deretter ei liknande stilling ved Torino i 1748. Han underviste sidan fyrstesøner av Chablais- og Carignan-ættene, og budde sidan i Torino. I mai 1755 fekk «fellow»-medlemskap i Royal Society i London, og publiserte fleire artiklar om elektrisitet i Philosophical Transactions of the Royal Society.

Beccaria gjorde mykje, både gjennom eksperiment og framstillingar, for å spreie kunnskapen om den elektriske forskinga til Benjamin Franklin og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikisource-logo.svg «Beccaria, Giovanni Battista». Encyclopedia Americana. 1920.