Giovanni Battista Pergolesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giovanni Battista Pergolesi
GB Pergolesi.jpg
Fødd 1. januar 1710, Jesi, Marche
Død 16. mars 1736 (26 år), Pozzuoli ved Napoli
Sjanger barokkmusikk, rokokkomusikk
Yrke komponist

Giovanni Battista Pergolesi eller Pergolese (4. januar 171016. mars 1736) var ein italiensk komponist som i det korte livet sitt rakk å komponere ei rekkje operaer, kyrkjemusikalske verk, og dessutan ein kjend Stabat matar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Portrett, moglegvis Pergolesi

Familienamnet til Pergolesi var Draghi, bestefaren Francesco kom frå Pergola. Han fekk den første musikkundervisninga si av Francesco Santi, kapellmeister ved domkyrkja i heimbyen Jesi. I 1722 byrja han å studere ved Conservatorio de Poveri di Gesù Cristo i Napoli. Dei viktigaste lærene hans var Gaetano Greco og Francesco Durante. Ein meiner at han avslutta studietida si sommaren 1731 med ei oppføring av kantaten La conversione di San Guglielmo d'Aquitania i klostret San Agnello.

Like etterpå fekk Pergolesi i oppdrag å skrive operaen Salustia til opninga av karnevalstida ved Teatro San Bartolomeo. Kastraten Nicolino (Niccolò Grimaldi) var tiltenkt hovudrolla, men han vart sjuk og døydde under prøvetida. Dermed vart premieren utsett, og viste seg tilslutt å bli mislukka. Same år vart Pergolesi kapellmeister hos fyrsten Ferdinando Colonna Stigliano.

Oppføringa av den komiske operaen Lo frate innamorato 28. september 1732 i Teatro de Fiorentini vart derimot ein langvarig suksess. 29.november same år skaka eit øydeleggjande jordskjelv Napoli, og leiarane til byen vedteke å halde ei årleg bønnegudsteneste i kyrkja Santa Maria della Stella kvar 31. desember. Messe i D-dur og det meste av vesperkomposisjonane til Pergolesi vart truleg skrive for dette høvet. Til fødselsdagen til keisarinna 28. august 1733 skreiv han operaen Il prigionier superbo. Operaen inneheld det komiske mellomspelet La serva padrona som snart vart spelt over alt og vart det første repertoarstykket i musikkteateret.

10. mai 1734 følgde Pergolesi Stigliano til Roma kor ein slektning av fyrsten, hertug Maddaloni Carafa, utnemnde Pergolesi til kapellmeisteren sin. På oppdrag av hertugen skreiv Pergolesi det dobbeltkorige Messe i F-dur som vart oppført 16. mai 1734 i kyrkja San Lorenzo i Lucina.

Tilbake i Napoli vart den nye operaen hans Adriano in Siria oppført i Teatro San Bartolomeo i høve fødselsdagen til den spanske dronninga 25. oktober 1734. Pergolesi måtte spesialskrive hovudrolla for stjernekastraten Caffarelli (Gaetano Majorano) som song seg til ein stor suksess medan operaen som såleis fall gjennom. Pergolesi fekk eit nytt oppdrag på operaen L'Olimpiade som hadde premiere januar 1735 i det romerske Teatro Tordinona. Ifølgje samtidige forteljingar støytte operaen på motstand, ein misnøgd tilskodar skal ha kasta ein appelsin i hovudet på komponisten[1]

Hausten 1735 fekk Pergolesi endeleg ein stor suksess med operaen Il Flaminio som vart oppført i Teatro de Fiorentini i Napoli. Ein merknad i librettoen vert forstått slik at han på førehand var vorte utnemnt som organist i det kongelege kapellet i Napoli. Medan han arbeidde på kantaten Il tempo felice til fyrsten Raimondo di San Severo sitt bryllaup i desember 1735 vart han sjuk og måtte avbryte arbeidet. Pergolesi reiste til badestaden Pozzuoli ved Napoli for å kome seg igjen. Der skreiv han, truleg på oppdag frå Confraternità de Cavalieri di S. Luigi di Palazzo, det som skulle bli den siste komposisjonen han fullførde, den kjende Stabat Matar. Pergolesi døydde av tuberkulose den 16. mars 1736 og vart bisett dagen etter i Fransiskanarklostret i Pozzuoli.

Minnesmerke i Jesi

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I dei fem åra som vart Pergolesi forunnt etter han forlét konservatoriet skapte han ei samling verk som har halde ettertida oppteken som ingen annan komponist i Italia på 1700-talet (bortsett frå Vivaldi). På same måte som for Mozart gav den tidlege døden til Pergolesi høve til ei svermerisk dyrking og sentimental genierklæring som kasta ein slik skugge at den historiske personen nærast forsvann. I tillegg freista mange forleggarar å utnytte det raskt stigande ryet til Pergolesi etter han døydde til å tene ein ekstra slant ved å utgje verk av mindre kjende komponistar under namnet hans. Lista over verk som feilaktig er vorte tilskriven Pergolesi er like lang som den over dei autentiske komposisjonane hans.

Eit utval verk[endre | endre wikiteksten]

Sceneverk[endre | endre wikiteksten]

  • San Guglielmo duca d'Aquitania (1731)
  • Salustia (1731)
  • Lo frate 'nnamorato (1732)
  • Il prigionier superbo (Opera seria) inneheld som eit Intermezzo to lystspelakter (Opera buffa) La serva padrona (1733)
  • Adriano in Siria (1734)
  • Il Flaminio (1735)
  • Il Tempo felice (1735) (bryllaups-serenade)
  • Livietta e Tracollo
  • L'Olimpiade, (1735)
  • Orfeo

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Messe for to kor
  • Messe i F
  • Salme Dixit Dominus
  • Salme Laudate et Confitebor
  • Salme Laudate pueri Dominum for sopran, femstemmig kor, obo, trompet, horn, strykere og basso continuo
  • Salve Regina
  • La morte di San Giuseppe
  • Motette In hoc die quam decora
  • Stabat Mater f-moll for sopran, alt, strykarar og basso continuo

Instrumentalmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Sinfonia F-dur for 2 oboar, 2 horn, strykarar og basso continuo
  • Konsert i B-dur for fiolin, strykarar og basso continuo
  • Sinfonia (Sonate) F-dur for cello og basso continuo
  • To sonaten for cembalo
  • Konsert i G-dur. fløyte, kammerorkester
  • Konsert i D-dur, fløyte, kammerorkester

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

  • Pergolesis Stabat mater var eitt av dei mest populære verka på 1700-talet.
  • Johann Sebastian Bach omarbeidde Stabat mater til motetten Tilge, Höchster, meine Sünden (BWV 1083). Bratsjen som i originalversjonen stort sett går parallelt med bassen fekk i Bach-versjonen ei ny obligatstemme (sjølvstendig stemme).
  • 1752: Etter ei særs vellukka oppføring av Pergolesi sin Intermezzo La Serva padrona i Paris kom det til strid mellom tilhengjarane av den alvorlege franske Tragédie lyrique (t.d. Jean-Baptiste Lully og Jean-Philippe Rameau) og tilhengjarane av den italienske Opera buffa. Pergolesi vart halden fram som ein modell for opera buffa. Striden vart kalla «Querelle des bouffons» (komikarkrangelen) og delte musikkmiljøet i Paris i to år.
  • Antonio Salieri og Franz Xaver Süßmayr skreiv på slutten av 1700-talet ei ny utgåve av Stabat mater for sopran, alt, firstemmig kor og orkester.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. André Ernest Modeste Grétry i sine memoarer - han refererte samtidige tilskodarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Battista Pergolesi
Notar