Giovanni Evangelisti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giovanni Evangelisti


Evangelisti med kappgjengaren Ileana Salvador til venstre.

Statsborgarskap Italia
Fødd 11. september 1961 (62 år)
Rimini
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Giovanni Evangelisti (fødd 11. september 1961) er ein italiensk tidlegare lengdehoppar frå Rimini. Han vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 1984 og i EM 1986. Evangelisti vert elles hugsa for arrangørskandalen ved verdsmeisterskapen 1987 i Roma.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1983-sesongen hoppa Evangelisti over 8 meter for fyrste gong, med 8,09 meter som best. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 8,24 meter under OL-finalen i Los Angeles. Dermed vann han bronsemedaljen då einast Carl Lewis og Gary Honey hoppa lenger. I 1986 kneip han bronsen med ein centimeters margin til fjerdemann.

Dane 16. mai 1987 forbetra Evangelisti den italienske lengdehopprekorden til 8,43 meter i eit stemne San Giovanni Valdarno i Toscana, ein rekord som gjaldt til Andrew Howe i 2007 hoppa 8,47 m. Under VM i friidrett på italiensk heimebane nokre månader etterpå, låg Evangelisti på fjerdeplass før siste finaleomgang. Han siste hopp vart målt til 8,37 m, dermed kleiv han forbi Larry Myricks frå USA på resultatlista og vart tildelt bronsemedaljen. Ei tid etter meisterskapen kom det opp at arrangørane juksa med målinga, så ni månader etter verdsmeisterskapen måtte Evangelisti gje frå seg medaljen til Myricks. Dermed vart han fjerdemann i tevlinga, noko han også vart under Sommar-OL 1988, som sist bak Myricks på tredjeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]