Hopp til innhald

Giovanni Pico della Mirandola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giovanni Pico della Mirandola

StatsborgarskapFyrstedømmet Mirandola
Fødd24. februar 1463
Mirandola
Død

17. november 1494 (31 år)
Firenze

Yrkefilosof, skribent
Språkrenaissance Latin, italiensk
Medlem avPlatons Akademi[*]
ReligionDen katolske kyrkja
FarGianfrancesco I Pico
MorGiulia Boiardo
Giovanni Pico della Mirandola på Commons

Giovanni Pico della Mirandola[a] (fødd 24. februar 1463 i Mirandola, død 17. november 1494 i Firenze) var ein italiensk humanist og filosof og elev av Ficino. Han var også ein del av krinsen kring Lorenzo de' Medici.

Pico er ein av dei viktigaste humanistane i renessansen. Han studerte i Bologna, Padova og Paris. Seinare drog han til Firenze og vidare til Roma, der han 1486 gav ut 900 tesar frå alle vitskapar med tilbod om offentleg å forsvare dei – hans vidgjetne tale Om menneskets verdighet er ein lekk av dette dette forsvaret. Pico meinte at mennesket er fritt til å byggje sin eigen personlegdom, og er i stand til å velje sitt eige eksistensnivå.

Fordi desse tesane inneheldt ymse som kyrkja ikkje kunne godta, kom Pico i søkjelyset åt inkvisisjonen. Tesene hans vart fordømd av Paven, og han måtte flykte til Frankrike, og sat også ei tid i fengsel. Seinare fekk han returnere til Italia etter at Lorenzo de' Medici greip inn. Han drog seg då attende til ein landstad ved Firenze og fordjupa seg i studiar av Platon, Aristoteles, Kabbala og hermetiske skrifter.

Pico ynskte å skape ein syntese av platonistisk og arabisk filosofi, jødisk kabbalistisk mystikk og mellomalderens skolastikk. I 1496 kom verka hans ut i Bologna. Nevøen Giovanni Francesco Pico (d. 1533) skildra livet hans og var sjølv ein fruktbar forfattar, som mellom anna var oppteken av mystikk.

  1. utt. pˈico della mirˈandola