Gir'ko-sál'bmagir'ji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gir'ko-Sál'bmagir'ji)

Gir'ko-sál'bmagir'ji vart ved kongeleg resolusjon den 23. august 1957 den første offentleg autoriserte samiskspråklege kyrkjesalmeboka i Noreg.

Gir'ko-sál'bmagir'ji byggjer på eit utval av salmar frå den samiske salmeboka Salbmagir'je frå 1897, omsett til det det som då var gjeldande rettskriving og utvida med gjendiktingar av salmar frå Landstads reviderte salmebok. Det var eit siktemål ved arbeidet å gjere salmane i boka mest mogleg samanfallande med salmane i Landstads reviderte, både i versemål og versetal. Slik kunne desse to bøkene brukast ved sida av kvarandre og salmane kunne syngast på to språk samstundes i tospråklege kyrkjelydar.

Arbeidet vart leia av ein komité av Alf Wiig, Asbjørn Nesheim, J. Børretzen, Hans J. Henriksen, Kristian Nissen og Lars Aanestad. Medlemmene i komitéen stod òg for det meste av omsetjingsarbeidet som vart gjort. Boka har 561 nummer. Sju av salmemelodiane som er brukte i boka fanst ikkje i nokon autorisert norsk salmebok. Desse melodiane vart òg autoriserte, og tekne inn i Koralboka frå 1957 på nr 276-282.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]