Girl Genius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girl Genius
Forfattar(ar)Phil & Kaja Foglio
Språkengelsk
Sjangereventyr, humor, spenning, romanse
ForlagStudio Foglio, Hiveworks Comics
Lansert18. april 2005 (som netteikneserie)
Nettstadwww.girlgeniusonline.com
StatusOppdatert måndag, onsdag og fredag (2007)

Girl Genius er ein teikneserie skriven og teikna av Phil og Kaja Foglio og utgjeven av selskapet deira Studio Foglio.

I 2005 vart Girl Genius ein gratis netteikneserie, og ein slutta med å gje ut serien på kvartalsbasis. Seriesamlinga vart no utgjeven med større mellomrom. Den nye nettsida til Girl Genius har no tilgjengeleg alt det publiserte arbeidet, men hadde eit anna system tidlegare. Det var to parallelle publikasjonar; «Girl Genius 101», som var tidlegare produsert materiale, og publikasjonen for det nye materialet, kalla «For Avanserte Elevar». Dei to publikasjonane vart slegne saman då «101» tok igjen byrjinga av «Avansert».

Girl Genius blir oppdatert på måndagar, onsdagar og fredagar.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Serien utspelar seg i eit Europa der den industrielle revolusjonen gjekk over i full krig, takka vere gneistane («sparks») - galne vitskapsfolk med store evner på eit eller fleire område, og høgt karismatiske. Desse er til gjengjeld som oftast knapt utstyrt med sunn fornuft og sans for proporsjonar.

Hovudpersonen er Agatha Heterodyne. Oppfostra av adoptivforeldre er det ukjend for ho at ho er ætlingen til ein utgamal familie av galne vitskapsfolk. Så godt som alle er ein gjeng omsynslause skurkar, der dei einaste unntaka er Agatha sin far og onkel, William og Barry Heterodyne. Desse reiste rundt, arbeidde for fred og gjorde mange gode ting, ofte ilag med Klaus Wulfenbach.

Alle desse forsvann i løpet av nokre år. Klaus drog til ein ukjend destinasjon, då William forlova seg med Lucrezia Mongfish. Lucrezia forsvann i krigsutbrotet med ein mystisk og mektig gneiste kalla Den Andre. Dette vart ei krigserklæring mot familien Heterodyne, og brørne låg i krig - til dei forsvann rundt den tida då Den Andre gav seg.

Klaus Wulfenbach kom tilbake etter ei lengre tid, med ein unge. Han møtte eit Europa knust av krigen, med Heterodyne-brørne forsvunne, Den Andre truleg død og maktsjuke gneistar i krig om restane. Klaus fylte eit maktvakum og vart den leiande gneisten i å slå ned det som var att av felles fiendar. Som ein konsekvens kunne han samle store delar av Sentral-Europa under seg i eit Pax Wulfenbach, fritt ifrå anarki, krig og øydelegging. Han er no Europa sin mektigaste despot, men grublar over kva som eigentleg har skjedd.

«Gaslamp Fantasy»[endre | endre wikiteksten]

Kaja Foglio fann på termen «parafin-fantasy» (Gaslamp Fantasy som eit alternativ til SteamPunk) for å skildre arbeidet sitt. 24. april 2006 forklarte ho korleis dette vart til i bloggen sin:

«Eg kalla det Gaslamp Fantasy av di, mens vi heldt på å gje ut Girl Genius, var der ein serie som heitte Steampunk i butikkhyllene og eg ville ikkje forvirre folk. Pluss, so har eg aldri likt ordet steampunk so mykje for vårt arbeide, då det kjem av kyberpunk (eit ord som eg synst faktisk passar sjangeren sin bra) men vi har ikkje noko punk, og vi har meir enn berre damp, og det å bruke eit anna namn verka rett. Eg hugsa feil ein term som eg hadde komme over i eit forord til ei bok av H. Rider Haggard, der forfattaren omtalte Jules Verne, H.G. Wells, Rider Haggard og den typen før-pulp adventure materiale, og kom på «Gaslamp Fantasy». Eg kjente meg litt dum når eg oppdaga at eg hadde funne opp mitt eige ord, men det verkar og eg likar det.»[treng kjelde]

Ordet er også forskjellig ifrå klassisk damppunk i det at teknologien ikkje berre er avgrensa til maskiner men også går inn på biologi. Dermed er det ved sida av Clanks (robota), dirigibles og vandrande gunboats av denne verda, så er det og konstruksjonar — biologiske skapningar som går ifrå frankensteinske skapningar, til talande kattar og mammuttar på storleik med ei mus.

«Gneisten»[endre | endre wikiteksten]

Gneisten er det sentrale elementet i den fiktive Girl Genius-verda. Det er det som får dei galne vitskapsfolka i historia til det dei er; folk seier nokon er ein gneiste om dei har gneisten.[1] Det er ein sjeldan genetisk markør som ein mest finn innan eit lite tal av familiar — og dei av den vanlege folkehopen som får eit gjennombrot er enten relativt svake eller i slekt med ein av desse familiane utan å vite det.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Hugoprisen 2010.

Girl Genius har vunne dei følgjande prisane:

Girl Genius har vore nominert ei rekkje gonger:

  • Figuren Agatha Clay var nominert for Squiddy Award, for Beste Teikneseriefigur 2002.
  • I 2005 vart Phil Foglio nominert for ein Eisner Pris i kategorien for Beste Skribent/Kunstnar Humor, for arbeide på Girl Genius.
  • I 2007 vart Girl Genius nominert for ein Eisner Pris i kategorien for Beste Digitale Teikneserie.[2]
  • I 2007 vart Girl Genius nominert for ein Weblog Award i kategorien teikneseriar. Dei kom på tredjeplass, framfor Penny Arcade. [1] Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Girl Genius