Girl from the North Country

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girl from the North Country
Song av Bob Dylan
frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan
Utgjeve 27. mai 1963
Innspelt 24. april 1963
Sjanger Folk
Lengd 3:22
Selskap Columbia Records
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan

Well, if you're travelin' in the north country fair,
Where the winds hit heavy on the borderline,
Remember me to one who lives there.
She once was a true love of mine.

Bob Dylan

«Girl from the North Country» (òg kjend som «Girl of the North Country»[1]) er ein song skriven av Bob Dylan. Han vart først gjeven ut i 1963 som den andre songen på albumet The Freewheelin' Bob Dylan. Dylan spelte inn songen på ny i ein duett med Johnny Cash i 1969. Denne innspelinga kom ut på Nashville Skyline. Konsertutgåve av songen finst på Real Live og The 30th Anniversary Concert Celebration.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven under den første reisa Dylan hadde til England i desember 1962, då han meinte han hadde det andre albumet sitt ferdig. Songen er ei hyllest til ein tidlegare kjæraste, Echo Helstrom, som Dylan kjende før han forlet New York. Dylan reiste frå England til Italia for å leite etter hans dåverande kjæraste Suze Rotolo. Ho studerte her og dette hadde ført til stor avstand i forholdet deira. Rotolo hadde reist tilbake til USA, omtrent samstundes med at Dylan kom til Italia. Her skreiv han ferdig songen, tilsynelatande inspirert av det han trudde var slutten på forholdet til Rotolo. Då han kom tilbake til New York i midten av januar overtalte han Rotolo om å kome tilbake til han. Suze Rotolo er kvinna på framsida av omslaget til albumet, arm i arm med Dylan.

Medan han var i London møtte Dylan fleire personar i det lokale visemiljøet, mellom anna den engelske visesongaren Martin Carthy. Carthy spelte mange tradisjonelle engelske balladar for Dylan, mellom anna Carthy sitt eige arrangement av «Scarborough Fair». Dylan nytta delar av melodien og teksten då han skreiv «Girl from the North Country», inkludert linja frå refrenget «Remember me to one who lives there, she once was a true love of mine».

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bob Dylan: Girl of the North Country, arkivert frå originalen 4. juli 2008, henta 17. oktober 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Teksten på den offisielle nettsida til Bob Dylan