Girlander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girlander på ein autorickshaw i India.

Girlander (frå fransk guirlande, 'krans') er eit dekorasjonselement danna av ei lenke som er bunde saman av blad, blomar, frukter og liknande, eller ei etterlikning av dette. Girlanderar blir ofte hengd opp i bogar (sjå festong). Girlander har vore brukt som utsmykking i klassisistisk kunst og arkitektur sidan antikken.

Frå seint 1700-tal, men særleg frå 1800-talet, finn ein i mange våpenskjold ein girlander på kvar side av hjelmen i staden for eit hjelmklede som elles er vanleg. Kvar girlander kjem då ut eller ned frå hjelmen, går ut til eit punkt eller ein ring på kvar side, og heng ned så langt som til den nedste delen av skjoldet. Ein kan sjå døme på dette i mange segl for privatpersonar og i andre våpenavbildingar, mellom anna i segla på Den norske grunnlova av 17. mai 1814 for Lars Johannes Irgens og Gregers Winther Wulfsberg.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.