Gisøyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gisøyo
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Gardnummer 29

Gisøyo
59°53′19″ N 5°3′60″ E

Gisøyo er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Inntil tidleg i 1990-åra høyrte øya til Fitjar kommune.

Handelsstaden Brandasund ligg på austsida av øya, med Selsøyo på andre sida av sundet. Sundet vert òg kalla Gisøysundet. I sør ligg Ylvesøyo, i nord Selbjørnsfjorden og Slåtterøy, medan berre nokre små holmar ligg mellom øya og storhavet i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Handelsstaden Brandasund og garden som høyrte til, er den einaste garden på øya, men det har vore folk på Gisøyo i lang tid. Det er mellom anna funne ei flintpil og anna flintmateriale i ein buplass frå steinalderen.

Gisøyo var i privateige på 1500-talet. I 1590 var Trond Benkestokk eigar, og sidan sonen hans Jon, som selde øya til Anders MowatTysnes. Øya gjekk i arv til sonen Aksel Mowat og vidare til dottera hans Karen. Ho var gift med baron Ludvig Rosenkrantz, som fekk Gisøyo med henne. Baronen selde sidan øya på grunn av pengevanskar og ho hamna etter kvart i eige hos magister Samuel Schrøder, som var sokneprest i Domkyrkja i Bergen. Sidan vart handelsmennene i Brandasund eigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ein er usikker på tolkinga av øynamnet. Professor Magnus Olsen har gissa på at det første leddet kan vere frå mannsnamnet Geiteir.

Namnet vart skrive Gieszøen i 1570, Geidtzøe i 1599, Geze Sund i 1668, Gesesund i 1692, Gissesund i 1699, Giseøn eller Gisesund i 1723, Brandesund 1758, Gisøsund eller Brandesund i 1838, Brandøsund i 1866, Gisøsund i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.