Gisela von Arnim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gisela von Arnim
Giselavonarnim.jpg
Fødd 30. august 1827
Berlin
Død

4. april 1889
Firenze

Yrke skribent, salongvert
Far Achim von Arnim
Mor Bettina von Arnim
Ektefelle Herman Grimm
Gisela von Arnim på Commons

Gisela von Arnim (30. august 18274. april 1889), gift Grimm, var ein tysk forfattar som særleg skreiv eventyr.

Gisela von Arnim som barn.

Ottilie Beate Gisela Walburgis von Arnim var fødd i Berlin. Ho var den yngste dottera til forfattarparet Achim og Bettina von Arnim. Då ho var tre år gammal døydde faren, og mora tok seg av oppsedinga av jenta.

Saman med systrene sine skipa Gisela von Arnim ein kvinneleg litterær salong, Kaffeterkreis, på 1840-talet. Krinsen fekk etterkvart også nokre mannlege medlemmer, med ærsemedlem som H.C. Andersen og Emmanuel Geibel.

I 1859 gifta ho seg med Herman Grimm, ein germanist og kunsthistorikar som var son av eventyrsamlaren Wilhelm Grimm.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Das Leben der Hochgräfin Gritta von Rattenzuhausbeiuns (eventyr med Bettina von Arnim)
  • Mondkönigs Tochter (eventyr)
  • Aus den Papieren eines Spatzen (eventyr)
  • Das Licht (eventyrspel)
  • Die gelbe Haube (eventyrspel)
  • Dramatische Werke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]