Hopp til innhald

Gisken Wildenvey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gisken Wildenvey

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. mars 1892
Vågan kommune
Død

14. januar 1985 (92 år)
Larvik

Yrkeskribent
EktefelleHerman Wildenvey
PrisarGyldendals legat
Gisken Wildenvey på Commons

Gisken Wildenvey (fødd Jonette Pauline Andreassen, fødd 23. mars 1892 Austvågøy i Vågan kommune, død 14. januar 1985) var ein norsk forfattar. Ho oppgav sjølv 1895 som fødselsåret sitt, men var truleg to år eldre, ifølgje biografi til Tom Lotherington om Herman Wildenvey.[1]

Ho var dotter av gardbrukar Anton Lauritz Andreassen og Inger Martha Jentoft Petersen. Sju år gammal vart ho sett bort til pleieforeldre på Fiskenes i Andøy. Ho brukte òg mellomnamnet Kramer, som ho tok etter den nye mannen til mora. Namnet Gisken hadde ho fått av Herman.

Ho gifta seg 4. februar 1912 med Herman Wildenvey, og levde saman med han. Frå 1927 budde dei i Hergisheim i Stavern.

Gisken Wildenvey debuterte med boka Bedaarere i 1925. Ho er mest kjend for dei fire dels sjølvbiografiske bøkene om Andrine. Ho mottok Gyldendals legat i 1965. I erindringsboka Kjærlighet varer lengst (1975) skildrar ho samlivet med Herman.

Gisken Wildenvey er gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

  1. Tom Lotherington: Wildenvey - et dikterliv, Aschehoug 1993.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]