Gisle Fenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gisle Fenne
Gisle Fenne 1986.jpg
Fødd 9. juni 1963
Voss
Yrke skiskyttar
Gisle Fenne på Commons

Gisle Fenne (fødd 9. juni 1963) er ein norsk, tidlegare skiskyttar frå Voss kommune. Det beste resultatet hans i internasjonale tevlingar er sølvmedaljen i verdsmeisterskapen på 20 km i 1989. Fenne hadde mange harde oppgjer i sporet og på standplassen mot Eirik Kvalfoss i løpet av karrieren. Han var i noregstoppen frå 1984 til 1994, og vart to gonger noregsmeister på 20 km. Fenne var kjend som ein framifrå skyttar, men klarte ikkje alltid å følgja dei beste i sporet. Ein periode var han skytetrenar for det norske landslaget i skiskyting. Han er far til skiskyttaren Hilde Fenne.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fenne markerte seg fyrste gongen då han i 1984, på heimebane, tok bronsemedaljen på 20 km, berre Eirik Kvalfoss og Rolf Storsveen fekk betre sluttid. Frå NM 1987 i Tromsø fekk Fenne med seg ein gullmedalje på 20 km og ein sølvmedalje på sprinten, ei øving som Eirik Kvalfoss vann. Etter å ha vunne to bronsemedaljar under NM i skiskyting 1990, sikra han seg sin andre NM-tittel då han i Steinkjer i 1991 gjekk til topps på 20 km. Fenne fekk si siste NM-medalje i 1994, då både han og Ole Einar Bjørndalen enda på same tid på 20 km og fekk kvar si sølmedalje.

Under VM i skiskyting i Feistritz i 1989 skaut Fenne feilfritt og gjekk i mål på tida 59.20,8. Prestasjonen heldt til VM-sølv, ettersom han vart slått med knapt minuttet av sambygdingen Eirik Kvalfoss som fekk eitt tillegsminutt. Begge to var med på Noregs lag som tok stafett-bronsen i same meisterskapen. Året etter vart Fenne beste nordmann på 20 km i VM med ein sjundeplass. I 1991 gjekk Fenne Noreg inn til bronsemedalje på VM-stafetten i Lahti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar