Gisle Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gisle Johnson

Fødd10. september 1822
Halden kommune
Død17. juli 1894
Nøtterøy kommune
NasjonalitetNoreg
Yrketeolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnJonathan Johnson
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Gisle Christian Johnson (fødd 10. september 1822 i Halden, død 17. juli 1894 i Tønsberg) var ein norsk teolog. Han var mellom anna stiftaren av Christiania Indremissionsforening (Kirkens Bymisjon) og Den norske Lutherstiftelse (Indremisjonen).

Gisle voks opp i Kristiansand som son til Wilhelmine Hanssen og Georg Daniel Barth Johnson. Farsslekta hadde bakgrunn frå Island.

Han tok teologisk embetseksamen i Christiania i 1845. Deretter studerte han eitt år i Tyskland, og kom der i kontakt med Carl Paul Caspari. I 1849 vart Gisle Johnson lektor ved universitetet i Kristiania, og i 1860 vart han tilsett som professor, først i systematisk teologi og dogmehistorie, frå 1875 i kyrkjehistorie.

Som forkynnar var han konservativ pietist og åtvara mot det han såg som vantrua og den politiske radikalismen i tida. Han førte vidare den haugianske tradisjonen med offentlege bibellesingar.

Grava til Gisle Johnson på Vår Frelsers gravlund

I 1855 stifta han Christiania Indremissionsforening og i 1868 Den norske Lutherstiftelse (frå 1891 Det norske lutherske Indremisjonsselskap). I 1858 grunnla han i lag med med Carl Paul Caspari og Tønder Nissen Theologisk tidsskrift for den evangelisk lutherske kirke i Norge, og i 1863 Luthersk Kirketidende. I 1862 gav han og Caspari ut ei norsk omsetjing av Konkordieboka.

I 1883 stod han bak oppropet «Til Christendommens Venner».

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Grundrids af Den systematiske teologi (1878)
  • Forelæsninger over dogmehistorien (1898)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • D. Thorkildsen. Da kirken oppdaget folket. I S.Aa. Christophersen og T. Wyller (red). Arv og utfordring. Oslo 1995.