Gitega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gitega
by
Land  Burundi
Folketal 135 467 (2020)[1]
Kart
Gitega
3°25′42″ S 29°55′30″ E
Wikimedia Commons: Gitega

Gitega (òg skrive Kitega) er hovudstaden i Burundi, og ein av dei største byane i landet[2] (nest størst ifølgje folketeljinga i 2008).[3] Gitega ligg midt i Burundi, på sentralsletta i landet[4] drygt 60 km austom den tidlegare hovudstaden Bujumbura.

Gitega var hovudstad i kongedømet Burundi fram til landet blei republikk i 1966.[5] I slutten av desember 2018 kunngjorde president Pierre Nkurunziza at regjeringa ville flytta møta sine til Gitega, og at byen ville gjenoppta rolla si som politisk hovudstad, medan Bujumbura ville halda fram som handelssentrum.[5][6] Nasjonalforsamlinga i Burundi godkjende vedtaket 16. januar 2019, og ein representant i nasjonalforsamlinga uttalte at alle statsmakter ville ha flytta innan 2022.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.isteebu.bi/wp-content/uploads/2022/01/Annuaire-Statistique-du-Burundi_2020.pdf.
  2. «Biggest Cities In Burundi» (på engelsk). Henta 12. juni 2019. 
  3. «Burundi: Provinces, Major Cities & Urban Localities - Population Statistics, Maps, Charts, Weather and Web Information». Henta 12. juni 2019. 
  4. «Gitega (Burundi)». Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 22. januar 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Burundi names Gitega as new capital». Agence France-Presse. 22. desember 2018. 
  6. Nimubona, Désiré. «Burundi Moves Political Capital From Bujumbura to Gitega». Bloomberg L.P. Henta 12. juni 2019. 
  7. «Burundi to change its capital city» (på engelsk). British Broadcasting Company.