Gitterspektrograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein gitterspektrograf er eit apparat som splitter lys, ein spektrograf der spekteret blir laga med eit optisk gitter. Apparatet vart først brukt av Joseph von Fraunhofer og vart teke i bruk til spektralanalyse av Henry Augustus Rowland og Anders Jonas Ångström. Gitterspektrografen blir brukt til undersøking av spekter der ein treng stor oppløysningsevne og til absoluttavgjersle av bølgjelengder for spektrallinjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gitterspektrograf. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.