Giuliana Minuzzo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giuliana Minuzzo
Giuliana Minuzzo 1955.jpg
Fødd 26. november 1931
Marostica
Yrke alpinist
Giuliana Minuzzo på Commons

Giuliana Minuzzo (fødd 26. november 1931) er ein italiensk tidlegare skirennar frå Vallonara di Marostica i Vicenza-provinsen som vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane 1952, 1956, 1960.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Minuzzo vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1952 i Oslo, einast austerrikske Trude Jochum-Beiser og Annemarie Buchner frå Tyskland rann fortare. I slalåm delte ho åttandeplassen med same Jochum-Beiser.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart det ingen olympisk medalje på Minzzuo, men to fjerdeplassar og ein 13. plass i storslalåm, hjelpte henne til VM-bronse i kombinasjonen, ei tevling basert på prestasjonane i dei olympiske tevlingane.

Minuzzo tok sin andre olympiske bronsemedalje då ho under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley vart nummer tre i storslalåm, høvesvis tre og to tidels sekund bakom Yvonne Rüegg frå Sveits og Penny Pitou frå USA. I slalåm vart ho nummer ti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Giuliana Minuzzo – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.