Giulio de Florian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giulio de Florian
Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 13. januar 1936
Ziano di Fiemme
Død

17. februar 2010 (74 år)
Ziano di Fiemme

Idrett langrenn, skiidrett
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964, Ski-VM 1962, Ski-VM 1966

Giulio de Florian (13. januar 193617. februar 2010) var ein italiensk langrennar frå Ziano di Fiemme i provinsen Trento som tok bronsemedaljen på 30 km under VM 1962 og gjekk på det italienske bronselaget i stafett under VM 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Florian vart italiensk meister på 15 km i 1959, den fyrste av sju nasjonale meistertitlar i langrenn i åra fram til 1967. Han deltok i alle fire langrennstevlingane under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, med ein ellevteplass på 30 km som beste prestasjon.

Under Ski-VM 1962 i polske Zakopane overraska han stort ved å vinne bronsemedaljen på tremila, einast verdsmeister Eero Mäntyranta frå Finland og svenske Janne Stefansson kom framom han på resultatlista. Florian fylgde opp med ein sjuandeplass på 15 km.

Fire år seinare gjekk han startetappen då Italia sitt mannskap i 4 x 10 km stafett, som elles bestod av Franco Nones, Gianfranco Stella og Franco Manfroi, kom inn til bronse under Ski-VM 1966 i Oslo. Florian vart så nummer fem på 30 km då landsmannen Nones under dei olympiske vinterleikane 1968 stod for ein av dei store langrennssensjonane ved å vinne OL-gullet med stor margin til andremann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.