Giuseppe Gibilisco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giuseppe Gibilisco

Giuseppe Gibilisco Berlin 2009.JPG

Statsborgarskap Italia
Fødd 5. januar 1979
Siracusa
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Giuseppe Gibilisco (fødd 5. januar 1979) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Siracusa som vart verdsmeister i stavhopp i 2003 og OL-bronsen i øvinga i 2004.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tiårsperioden 2000-10 kvalifiserte Gibilisco seg oftast til finalen i dei store internasjonale meisterskapane. Etter tiandeplass både i OL 2000 i Sydney og EM 2002 i München melde han seg på i medaljestriden under verdsmeisterskapen i Paris i 2003. I finalen reiv Gibilisco to gongar på 5,75 m. Etter som fire mann hadde klart høgda, prøvde han seg på 5,80 m og lukkast. Sidan gjekk han og tre andre utøvarar over 5,85 m, men som den einaste i fyrste forsøk. Også på 5,90 m svinga han seg over i fyrste forsøk, ny personleg rekord. Då Okkert Brits og Dmitri Markov mislukkast i sine hopp på 5,95 m kunne Gibilisco stige til topps på sigerspallen.

Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 tok Gibilisco leiinga i stavhopptevlinga då han tok seg over 5,85 m i fyrste forsøk. Tevlinga snudde då USA-amerikanarane Timothy Mack og Toby Stevenson begge klarte 5,90 i sine fyrste forsøk. Gibilisco prøvde seg så på 5,95 m, utan å lukkast, noko Mack lukkast med i sitt siste forsøk.

Sidan enda Gibilisco på femteplass i VM 2005 og vart sjuandemann både under EM 2006 og VM 2009. Då EM 2010 fann stad Barcelona tok han seg i sitt andre forsøk over 5,75 m, same høgda som Przemysław Czerwiński frå Polen stoppa på. Ettersom Czerwiński tok høgda i fyrste forsøk måtte Gibilisco ta til takke med fjerdeplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]