Giuseppe Meazza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giuseppe Meazza
Giuseppe Meazza 1935.jpg
Fødd 23. august 1910
Milano
Død

21. august 1979
Rapallo

Giuseppe Meazza (23. august 191021. august 1979) var ein italiensk fotballspelar frå Milano som vart verdsmeister med Italia i 1934 og 1938. Han spelte på Inter 1927-40 og 1946/47, og vert rekna for å vere ein av Italias aller beste fotballspelarar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Meazza debuterte på Inter, som då heitte Ambrosiana, i 1927. Han var sentral då klubben vann Serie A i 1930, i ein sesong der han vart toppskårar med 31 nettkjenningar. Også i 1936 og 1938 vart han toppskårar i serien, i 1938 vann han sin andre seriemeistertittel med Inter. Etter å ha vunne den italienske cupen i 1939 og vorte seriemeister med Inter for tredje gong våren 1940, skifte han beite.

I åra frå 1940 til 1946 veksla Meazza mellom å spele to sesongar for byrivalen AC Milan, ein sesong i Juventus, Varese og Atalanta Bergamo. Han avslutta med å spele på Inter att i 1946/47-sesongen.

Gjennom 20 år skåra Meazza 216 mål i Serie A, noko einast tre spelarar sidan har gjort han etter. Hans 197 seriemål for Inter er klubbrekord. Etter han døydde i 1979 vart heimearenaen til Inter og Milan omdøypt til Stadio Giuseppe Meazza.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Meazza debuterte for Italia 9. februar 1930 i ein heimekamp mot Sveits, der han skåra dei to siste måla og gav Italia sigeren 4-2. Då Italia møtte til VM-finale i 1934 i Roma, vart Meazza skadd tidleg i kampen, men måtte vere på bana sidan ein ikkje hadde innbytarar. Han var likevel involvert i angrepet som førte Italia i leiinga 2-1 i fyrste ekstraomgang og avgjorde kampen. Fire år seinare sende han Italia i føringa med 2-0 mot Brasil på eit straffespark i VM-finalen 1938, Italia vann til sist 2-1. Sommaren 1939 spelte Meazza sin 53. og siste landskamp borte mot Finland i Helsinki, eit oppgjer Italia vann 3-2. Han skåra i alt 33 landslagsmål, og er med det spelaren med nest flest landslagsmål for Italia, to bakom Luigi Riva. Meazza var landslagskaptein 1937-39.

Meazza til høgre, i ein kamp mot Juventus før 1933

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1934 og 1938 med Italia
  • Italiensk seriemeister: 1930, 1938 og 1940 med Inter
  • Italiensk cupmeister: 1939 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]