Giuseppe Peano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giuseppe Peano

Fødd27. august 1858
Spinetta
Død20. april 1932
Torino
NasjonalitetKongedømet Italia
Områdeinterlingvistikk, matematikar, matematikk, matematisk logikk, mengdelære, Peano arithmetic, filosofi, språkvitskap
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar, lingvist
InstitusjonarUniversitetet i Torino
Alma materUniversitetet i Torino
DoktorgradsrettleiarEnrico D'Ovidio
MedlemAcademia pro Interlingua
Accademia Nazionale dei Lincei
Accademia delle Scienze di Torino

Giuseppe Peano (27. august 185820. april 1932) var ein italiensk matematikar, logikar og lingvist.

Han var professor ved universitetet i Torino frå 1890. Namnet til Peano først og fremst knytt til Peano-aksioma, som gjev ein aksiomatisk definisjon av dei heile positive tala, samt den såkalla Peano-kurva, som gjev ei kontinuerleg avbilding av eit linjestykke på eit kvadratisk flatestykke, slik at eit kvart punkt i kvadratet kjem fram som biletet av nøyaktig eitt punkt på det gjevne linjestykket. Kurva fyller derfor heile kvadratet. Peano skapte òg det internasjonale hjelpespråket Latino sine flexione, som han sjølv nytta i skriftene sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]