Giuseppe Torelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giuseppe Torelli
Giuseppe Torelli.jpg
Fødd 22. april 1658
Verona i Italia
Død

8. februar 1709 (50 år)
Bologna i Italia

Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk, solokonsertar
Yrke Komponist

Giuseppe Torelli (fødd 22. april 1658 i Verona i Italia, død 8. februar 1709 i Bologna i Italia) var ein italiensk fiolinist, pedagog og komponist, som vert vurdert med Arcangelo Corelli blant utviklarane av den barokke concerto og concerto grosso.

Torelli er først og fremst hugsa for bidraga sine til utviklinga av den instrumentale concerto, særleg concerti grossi og solo concerto, for strykarar og continuo, så vel som å vere den mest produktive barokkomponisten for trompetar.

Han er akta av mange som éin av dei største italienske komponistane og fiolinistar nokosinne. Torelli vart fødd i Verona. Det er ikkje kjent med kven han studerte fiolin, sjølv om det har vore spekulert i at han var ein elev av Giacomo Antonio Perti i Bologna. Då han var 26, den 27. juni 1684, vart han eit medlem av Accademia Filarmonica, som suonatore di violino. Han dirigerte capellaeit i katedralen San Petronio i Bologna, frå 1686 til 1695. Han var maestro di concerto for hoffet til Georg Friedrich II i åra 1698-99 der han presenterte eit oratorium (desember 1699), før han vendte attende til Bologna i 1701 for å verte fiolinist i cappella musicale i San Petronio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]